«Fake news» er årets ord i Storbritannia

Uttrykket «Fake news» er kåra til årets ord av eit britisk ordboksforlag. President Donald Trump skal ha mykje av æra for dette.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er det britiske ordboksforlaget Collins som står bak kåringa. Collins oppgir at bruken av uttrykket har auka med 365 prosent sidan 2016, ifølgje avisa The Guardian.

Den amerikanske presidenten Donald Trump har brukt uttrykket flittig. Førre veke hevda han faktisk å ha funne opp uttrykket. Han fortalde i eit intervju at det var mogleg folk hadde brukt uttrykket tidlegare, men at han aldri hadde lagt merke til det.

Andre ord som ikkje nådde heilt opp i kåringa var til dømes: «Corbynmania»- som skildrar entusiasmen rundt Labourpolitikar Jeremy Corbyn og «gender-fluid»- som skildrar flytande kjønnsidentitet.