Sjå Det Norske Teatret sin elleville Trump-parodi

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskteatret i hovudstaden feirar tre Heddaprisar, og snart sommarferie med stor satire.

Skodespelaren Vidar Magnussen la i dag ut ein video på Facebook tydeleg inspirert av Donald Trump sitt første møte med regjeringa si – eit møte som blei kalla det merkelegaste regjeringsmøtet nokosinne.

Teatersjef Erik Ulfsby får hemningslaust skryt frå medarbeidarane sine:

– Du er ei lysfontene, seier regissør Peer Perez Øian i filmen.

– Må takka audmjukt for din framifrå innsjånad i æva og røyndommen, seier skodespelaren Oddgeir Thune.

– Eg trur no me kan seia at nynorsken vel ikkje har stått så sterkt som då Noregsveldet var på sitt største under Håkon Håkonsen. Og det går no rykte om at nynorskprosenten i Russland er like stor som i Noreg, seier dramaturg Ola E. Bø, som blir presentert som Nynorsken sjølv.