Ti kule fakta om hjartet

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Menneskehjartet er litt større enn ein knyttneve. (For Trump er det som to knyttnevar)

 

I brystkassa di er det eigentleg to hjarte som fungerer saman. Ein halvdel pumpar blodet ut i lungene, og den andre halvdelen pumpar blodet ut til kroppen.

 

Blekksprut har heile tre hjarte, der to av dei pumpar blod gjennom gjellene og det tredje pumpar blod rundt i kroppen til blekkspruten.

 

Dei første hjartecellene byrjar å slå om lag fire veker etter befruktning.

 

Kvart minutt pumpar hjartet fem liter blod rundt i kroppen.

 

Sjølv om hjartet pumpar fortare under sex, vert ikkje pulsen høg nok til at du kan rekne det som høgintensitetstrening.

 

I den amerikanske filmen «Sju liv» donerer Will Smith hjartet sitt til Rosario Dawson.

 

Kvinner har i snitt høgare hjarterytme enn menn, med åtte ekstra slag i minuttet (menn: 70, kvinner: 78)

 

Det danske riksvåpnet har tre blå løver og ni raude hjarte.

 

Anten du er åleine, eller saman med den eine: Sett deg i sofaen og lytt til Susanne Sundfør sine ti kjærleikssongar.

 

 

Eller du kan finne fram redaksjonens beste serietips