Når to menneske som har tillit til kvarandre samarbeider, byrjar hjarta deira å slå synkront.

NPK
NPK

Det indikerer ein ny dansk forskingsstudie.

Hjarterytmen var ikkje berre synkron 85 prosent av tida, men òg litt høgare hos forsøkspara som tillitsfullt bygde legobilar saman, enn hos dei som ikkje hadde etablert eit slikt samhald, viste forsøka.

LES OGSÅ: Du kan faktisk døy av hjertesorg

Det er første gongen nokon har påvist dette fenomenet, og forskarane forstår lite av kvifor det skjer, fortel nettavisa Videnskab.dk.

– Vi veit frå andre studiar at to personar som liker kvarandre, kan etterlikne kroppsspråket og stemmeføringa til den andre. Kanskje skjer det ei slik etterlikning i det autonome nervesystemet, som styrer hjarterytmen? Men korleis det skjer, det veit vi rett og slett ikkje. Det er svært mystisk, seier Panagiotis Mitkidis ved Centre for Interacting Minds ved Aarhus Universitet.

LES OGSÅ: Alle elskar desse skjeletta

I forsøka vart forsøkspara sette til å byggje legobilar i fire omgangar. Den eine halvparten spelte eit såkalla tillitsspel, Public Goods Game, mellom kvar byggjerunde. Dei som ikkje spelte tillitsspel mellom legosesjonane, hadde synkronisert hjarterytme 67 prosent av tida, men utan at pulsen steig nemneverdig.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE