Forskar: – Vestlandet ubrukeleg som fylkesnamn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skal ikkje Preikestolen og Geiranger vere ein del av Vestlandet lenger? Det verkar heilt urimeleg, seier forskar Yngve Flo i Uni Research til Bergens Tidende.

Han meiner at namnet er dårleg, og at det kjem til å skape språkleg forvirring.

– Vestlandet er ein region som går frå Åna-Sira i Rogaland til i alle fall nord for Sunnmøre. Det nye fylket dekkjer berre halvparten av alle vestlendingar, seier Flo, som har følgt kommunereforma tett.

Under det felles møtet for dei to fylkestinga i Gulen i Sogn og Fjordane fredag vart det klart fleirtal for Vestlandet som namn på fylket. Berre SV og MDG gjekk imot namnevalet, som også Språkrådet har åtvara mot så lenge heile Vestlandet ikkje er med.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland seier til avisa at rogalendingar og møringar kan takke seg sjølve når dei har valt å ikkje bli med. Det synest Yngve Flo er eit urimeleg argument.

– Dei stel ei geografisk merkevare og tilhøyr frå naboane i nord og sør. Så kan somme seie at dette er ein open invitasjon til naboane om å bli med ei eininga. Men å forme ein invitasjon som ein provokasjon er ikkje spesielt lurt, meiner Flo.

Stortinget har det siste ordet om namnevalet. Der kjem vedtaket frå Gulen til å vege tungt, men Språkrådet skal òg gi ei ny vurdering.