Namnet blir Vestlandet på storfylket

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 28.10.2017 20:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namnet blir Vestlandet

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland vedtok fredag at dei vil kalla det nye fylket for Vestlandet. Dei to fylka blir eitt 1. januar 2020.

Dei har også gjort vedtak om at det nye fylkestinget skal ha 65 medlemar, og dei har sett ned ei fellesnemnd som skal leie prosessen vidare.

– Dette er ein historisk og ein gledas dag. Etter ein lang prosess er me endeleg i mål, slår fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland fast.

Ho får støtte frå kollega Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

– Dagen i dag handlar om framtida, om å sjå framover. Stortinget har bestemt at Sogn og Fjordane og Hordaland skal slåast saman. No skal byggje eit vestland som skal bli godt for framtida, seier Følling i ei pressemelding.

Dei fleste partia røysta for namnet Vestlandet, bortsett frå SV og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

– Eg trur vi gjer ein feil om vi kallar det nye fylket for Vestlandet, sa SV sin representant frå Hordaland, Aud Karin Oen, medan Stein Malkenes frå MDG ville kalle den nye regionen for Fjordane, melder VG.