Ei ny von for tankesportane
Stjerna Magnus Carlsen har gjeve tankesporten sjakk ein enorm oppsving i idrettsnasjonen Noreg. La oss vone at denne nye nasjonale interessa ikkje berre er ei døgnflue.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
KOMMENTAR: Vi nordmenn kan med fordel tone ned det evige sirkuset kring fysisk idrett for ei stund, og vie litt merksemd til dei som brukar hjernen. Kort sagt flytte fokuset frå lekam til ånd.
Det har vore interessant på mange vis å fylgje det plutseleg enorme mediekøyret kring unge Carlsen. Det provar på mange vis kor “billeg” medieverda er: Carlsen har jo allereie i mange år vore ei langt større internasjonal stjerne enn Marit Bjørgen eller Petter Northug nokon gong kjem til å bli, men sjakk har likevel vore for “sært” innanfor den tradisjonelle norske forståingshorisonten til bli å omtala i nemneverdig grad. No når Carlsen har stått innfor ei heilt spesiell og intens styrkeprøve, andlet til andlet med ein einaste motstandar som han måtte slå for å få det endelege provet på at han er verdas beste sjakkspelar, har norske media omsider fått augo opp for dette uhyre sjeldne talentet. For no går det an å lage litt sensasjon, og det liker jo publikum. Nordmenn har gått inn i ein “sjakkpsykose”, det er visst ordet. Men leiinga i Norges idrettsforbund står hardt på sitt, dei kan ikkje innlemme sjakken i sine rekkjer, har dei sjølve sagt, for sjakk dreier seg ikkje om fysisk rørsle. Jamvel om det kanskje finst økonomiske fordelar ved å tilhøyre Idrettsforbundet, synst eg ikkje sjakken bør ta denne avvisinga for tungt, men heller heva seg over all slik arroganse, og alle meiningslause diskusjonar om kor vidt sjakk er idrett eller ikkje. Uansett kva ein definerer sjakk som, er det ingen tvil om at dette spelet med sitt enorme utfallsrom og sine valdsame krav til konsentrasjon og mental styrke, kan vera minst like interessant både å utøve og å sjå på som til dømes skisport og fotball, og like “sunt” for mennesket som heilskap som fysisk idrett er. Vi må berre slutte å innprente i alle born og unge her i landet at fysisk styrke og ferdigheiter med ein ball og med ski på beina er det store idealet, og i det minste tilby eit alternativ til dei som er meir interesserte i å bruke hjernen.
For meg personleg har det vore noko forstemmande å fylgje den gedigne oppturen sjakken plutseleg har fått i Noreg, då eg sjølv representerer den andre av dei to største internasjonale tankesportane, kortspelet bridge. Liksom sjakk er bridge eit uhyre komplekst, men ekstremt underhaldande og spennande spel, som stiller store krav til konsentrasjon og logisk tenking. Også innan bridge har Noreg nokre av verdas fremste utøvarar, store stjerner i utlandet, som diverre ikkje får noko i nærleiken av den merksemda her heime som Carlsen no opplever. Det er for så vidt ikkje å forvente, då bridge er eit par- og lagspel som aldri vil kunne tilfredsstille medias trong til sensasjonsprega individdyrking, framstillinga av den eine sterke utøvaren åleine i kampen mot resten av verda. For den jamne mann vil likevel bridgen vera ein meir interessant hobby enn sjakk, nettopp fordi bridge også dreier seg om kommunikasjon og menneskeleg psykologi, og i det store og heile er langt meir sosialt enn sjakk. Uansett er eg glad på sjakkens vegner, og kan berre vone at sjakkens plutselege vår også vil hjelpe bridgen litt i gang.
Den største og viktigaste saka både for sjakken og bridgen i vår tid, er å nå ut til born og unge. Det absolutt beste ville i så måte vore å få brukt skuleverket som kanal. Det er vitskapleg prova at sjakk og bridge har store positive effektar på born og unge si læring. Det fremjar konsentrasjon og det fremjar evna til logisk tenking. Det er for dumt at ein overhovudet ikkje nyttiggjer seg desse spela som ei underhaldande læringsform mellom anna innan matematikken, som jo er eit fag mange slit med. Men iherdige forsøk på å trengje gjennom Utdanningsdepartementet og inn i norsk skule har diverre vist seg nesten nyttelause både for sjakkens og bridgens del. Utvilsamt, meiner eg, fordi Noreg framleis er fanga i den fysiske idrettens snevre og einspora paradigme: Alle forstår at fysisk aktivitet kan trene kroppen, men dei færraste forstår kor gode effektar tankesport har på hovudet. Inntil heilt nyleg har folk knapt visst kva sjakk er for noko, og bridge anar dei framleis ikkje kva er. Men det vil vera fint om dei som veks opp no får tilgang til visse andre verdiimpulsar enn dei gymnastikklærarane forfektar, så ikkje dei òg blir narra til å tru at kontrollen ein har på ballen eller farta ein har i skisporet, er eit adekvat mål på kvaliteten ein har som menneske. For å seia det enkelt, så har eg meir tru på usunne, intelligente folk enn eg har på kjernesunne, uintelligente folk.