E-sport eiga grein i Asialeikane.

NPK-NTB
NPK-NTB

Dataspel blir tatt opp som eiga øving under Asialeikane i 2022.

Det asiatiske OL-rådet opplyste tysdag at det vil innlemme det som blir kalla e-sport i det offisielle programmet for Asialeikane om fem år. E-sport blir også demonstrasjonsgrein allereie i leikane neste år.

Ifølgje rådet reflekterer avgjerda «den raske utviklinga og populariteten denne nye forma for idrett har blant dei unge».

Det er førebels ikkje kjent kva dataspel det skal konkurrerast i.

Programmet for Asialeikane inneheld frå før både klassiske olympiske øvingar og nokre meir obskure idrettar. Blant dei siste er «sepak takraw», der element frå fotball og volleyball blir kombinert. (©NPK)

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

Kommentarar

ANNONSE