Rapport: Nær kvar fjerde bachelorstudent droppar ut

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Overraska over kor mange som droppar ut

30.000 registrerte studentar vart følgt frå dei begynte på ein bachelorutdanning i 2010 fram til 2015. I rapporten kjem det fram at 23,8 prosent verken fullførte utdanninga eller begynte på ein annan institusjon, ifølgje Khrono.

– Det er overraskande at nesten ein firedel av studentane droppar ut, seier leiaren av Norsk studentorganisasjon (NSO), Mats Johansen Beldo, til nettavisa.

Ifølgje analysen er det noko mindre fråfall blant dei fire største universita: Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø. Ved desse universiteta ligg talet på 21,7 prosent.

– Rapporten understrekar behovet for tett oppfølging. Dette er spesielt viktig tidleg i studieløpet, då det meste av fråfallet skjer, seier viserektor for utdanning Oddrun Samdal ved Universitetet i Bergen (UiB).

Analysen er utarbeidd av ideas2evidence på oppdrag frå UiB. Den viser vidare at dei 6.000 studentane som har falle frå, har i snitt tileigna seg 61 studiepoeng, tilsvarande omtrent to vanlege semester.

(©NPK)