– Eg var litt sånn «okei, då er livet lagt liksom, då blir eg skodespelar».

– Eg var veldig glad då eg var 20. Litt sånn valpe-aktig. Eg syntest at veldig mykje var utruleg spennande og gøy. Eg fekk eit gladjente-stempel som eigentleg var ganske irriterande, både for andre og for meg sjølv. Men eg kunne ikkje så mykje for det, fortel skodespelaren Ane Dahl Torp.

Våren 1995 er Ane 20 år og har nettopp gått gjennom søknadsprosessen til Teaterhøgskulen i Oslo.

– Eg hugsar at dei sa, «det verkar som om du har hatt det så gøy, har dette berre vore ein fest for deg?». Litt sånn, kor er den lidande kunstnaren? Då svarte eg, «Ja, jo, det har egentlig det», ler Ane. Ho har ein grov, ektefølt latter som kjem frå magens djup.

– Men i det var eit slags sjølvforsvar. Eg valte å tenkje på det litt sånn, «Fy fillern! No er eg på ein workshop i ei veke med masse kjempeflinke folk, dette er kanongøy!». Mens mange andre hadde det veldig vondt, hadde eg gladjentas irriterandes innstilling til tredje prøven.

Beskjedne ambisjonar

Viss Ane ikkje hadde kome inn på Teaterhøskolen skulle ho bli lærar. Eller «noko fantastisk akademisk som ingen andre er». Ho fekk sjokk då ho fekk plass ved prestisjeskulen på første forsøk.

– Eg var litt sånn «okei, då er livet lagt liksom, då blir eg skodespelar», fortel ho. Dei einaste ambisjonane ho hadde var å bli skikkelig god.

– Eg hadde ikkje ein konkret stad eg ville. Eg hadde ikkje ynskje om å bli sånn famous eller noko sånn, men berre bli ein anerkjent og respektert skodespelar. Ha eit oppriktig forhold til mitt arbeid. Det var det einaste eg ville, fortel Ane.

Brillefin barndom

Som 20-åring uroa Ane seg lite. Korkje verdas velferd, miljøkrisa eller sjukdom var noko ho gjekk rundt å tenkte på.

– Eg har syntest alt var skikkelig brillefint. Det var knallgøy å vera tenåring liksom, og eg syntest folk eg møtte var greie og kule. Nesten alt og alle var bra,  smilar ho.

Framtida.no møter Ane idet ho står i køen for å førehandsstemme. Mens ho fortel om sine glade tenåringsår kjem ei eldre dame bort og spør skodespelaren om det er lang ventetid.

– Det er ikkje så gale faktisk, køen går veldig radig! Det er verdt det, seier Torp muntert. Ho snur seg tilbake til journalisten.

– Men no uroar eg meg meir, seier ho. Stemmeleiet er framleis like muntert.

– Alle seier at ungdom er så sårbare, men det kjem ein sårbarheit med åra òg. Eg er 40 år, halvveis til 80. Kor mange gode år er det igjen etter det? Alt kan jo skje. Eg har sett det skje med andre, difor veit eg at det kan skje med meg òg. Det var noko eg ikkje pleide å tenke på før. Eitt stykke fram i tid skal eg rydda ut av hus fordi dei som har budd i det er død, ikkje sant? Sånne ting, som berre førar til ei slags tyngde som heng over meg. Eg tenker sånn, «fillern, skal eg gå å bære på alt dette her?».  Men også sånn – oj, no snakker eg mykje no, ler Ane og avbryter seg sjølv. Ho trekk pusten.

– Kor mange begravelser skal eg gå i? Kor går grensa? sukkar ho.

– Eg hadde ikkje hatt noko i mot å vera 20 år no, då hadde eg jo ikkje uroa meg for desse tinga.

Tjue år gammal førtiåring

Det er ikkje berre intensiviteten av uro som har forandra seg. Rammene til Anes liv er også ganske annleis. Ho er gift og fått to barn, noko som har gitt henne det ho kallar nye fargar i livet. Men på innsida er ho heilt lik, meiner ho.

– Mange gonger kan eg ver samans med folk som er yngre enn meg og tru at me er jamngamle. Men så kjem eg brått på, «åja, du er 18 du ja». Då lurer eg på, kor gammal verkar eg då? Eg følar jo eg er heilt lik som då eg var liten, inni meg.

– Føler du deg 20 enno?

– Nei, eg kan ikkje seie det. Men så tenkte eg ikkje at eg følte meg som 20 då eg var 20 heller, så eg veit ikkje.

– For eit par år sidan satt eg på eit filmsett med nokre tyske og norske ungdomar, og nordmennene hadde nettopp vore russ. Dei fortalte om russetida, og eg heiv meg inn i samtalen. Eg begynte sånn, «no no, you don’t put on the suit until –», men så tenkte eg plutselig: eg var russ i 1994, kva veit vel eg? Eg har ikkje skjønt at tida har gått sidan eg var russ. Eg trur på ein eller anna måte at ting er veldig likt.

Kommentarar

ANNONSE