Statsministeren fekk kritikk for skrivefeil, og ga eit elegant svar tilbake.

Anders Veberg

Etter ein middag med ei gruppe innvandrarkvinner måndag kveld la statsminister Erna Solberg (H) ut eit bilete og ein kort tekst på Facebook-sida si, skriv Nettavisen.

LES OGSÅ: Vil reservere seg mot Sandberg

I den korte teksten var det nokre få skrivefeil, og kort tid etter kjem denne merknaden i kommentarfeltet:

«Litt pirkette, men synes Norges statsminister strengt tatt bør ha assistenter som kan skrive korrekt norsk»

Til dette kom det fort eit kort og klart svar frå statsministaren:

«Jeg har dysleksi og skriver selv»

Det skal også nemnast at Facebook-følgjaren som pirka skreiv feil sjølv – pirkete blir skrive med berre éin t, ikkje to.

LES OGSÅ: Solberg: Sandberg bryt samarbeidsavtalen

For denne kommentaren vart statsministeren hylla.

«Og det er helt greit Erna! Skal være ekte!»

«Flott Erna, at du skriver selv – dysleksi til tross Det viktigste er at budskapet kommer frem».

Det er berre to av kommentarane som kom etter dysleksi-kommentaren til Solberg, som i ettertid har blitt fjerna frå Facebook.

Ifølgje Nettavisen kom også den originale kommentatoren tilbake på bana og la seg flat med denne meldinga:

«Erna: Hehe ok det er godkjent. Til alle andre: Jeg legger meg flat», skriver han.»

LES OGSÅ: Are Kalvø: Ta den, regjeringa!

Middagen måndag kveld var med ei gruppe innvandrarkvinner, som etter kvart førte til at andre kommentarar fekk langt meir merksemd:

Tysdag morgon kom også denne kommentaren:

Så – gratulerer med dagen!

LES OGSÅ: Ungdom krev ein ambisiøs statsminister

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

ANNONSE