Ruben og Sander har dysleksi: – Det er ein kamp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Du tenkjer på eit ord, men klarar ikkje å få det ned på papiret. Det har gjort kvar dag til ein kamp, seier Sander Theodorsen.

17-åringen er lærling som blikkenslager, det vil seie at han arbeidar med metallplater.

Ruben Adiego (18) er kokkelærling.

Begge to har slite med høvesvis dysleksi og diskalkyli heile livet. Difor har dei vald praktiske yrker, som inneber mindre lesing og skriving.

– Det er utfordrande av og til. Som kokk må eg kunne lese oppskrifter og måle i liter og desiliter. Eg brukar mykje meir tid på å gjere det rett enn om eg ikkje hadde dysleksi og dyskalkuli, seier Ruben.

Lurer du på korleis det er å ha lesevanskar? Prøv dysleksi-kalkulatoren!

Ruben fekk diagnosen dysleksi og dyskalkuli på barneskulen. – Eg må lese det same om og om igjen. Eit ord eller ein bokstav blir lett noko anna.

– Eg berre strauk i alt

Ein person med dysleksi har problem med å kunne lese og skrive, medan ein person med dyskalkuli har problem med tal. Begge deler skuldast feilkoblingar i hjernen, og reknast som eit usynleg handikap.

– Eg hadde aldri klart å gjere kontorarbeid. Kvar skuledag var ein kamp, der eg berre strauk i alt, fortel Sander. 

Ifølgje gutane er det dårleg tilrettelegging for elevar med dysleksi på skulen.

– Du blir ikkje testa før i 4. klasse. Mange lærarar vil ikkje legge til rette for elevar med dysleksi. Kva slags lærar du får, kan derfor vere heilt avgjerande for om du fullfører vidare skulegong, meiner Sander. 

Les intervju med Sally Gardner – forfattaren som lærte å lese som 14-åring!

– Ein blir sett på som dum

Fordi elevar med dysleksi og dyskalkuli ofte slit med skulearbeidet, som til dømes høgtlesing, blir ein ofte sett på som dum, ifølgje Ruben og Sander.

– Vi har begge blitt mobba heile livet. Når eg har reist på nasjonale møter med Dysleksi Ungdom, får eg alltid høyre historier om mobbing, fortel Sander.

– Eg har blitt dobbelt mobba fordi eg også er utlending, fortel Ruben.

Han blei testa for dysleksi på barneskulen, fordi mor hans hadde mistanke om at han hadde det. Etter kvart kom han i kontakt med Dysleksi Norge. Enkelte av lokallaga deira arrangerer kurs der folk kan trena på lesing og skriving. Dei tilbyr òg meistringskurs der ein får tips som gjer kvardag, studiar og arbeidsliv lettare.

– I byrjinga las eg 50 ord i minuttet. No klarar eg å lese cirka 230 ord (gjennomssnittet er 250 ord i minuttet, journ.merk). Det var verre med matematikk. Eit tal blir lett til eit anna.

5-10 prosent har diagnosen

Trude Nergård Nilssen er professor ved Universitetet i Tromsø, og forskar på dysleksi.

– Ein anslår at mellom fem og 10 prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli. Sjølv om det er mest vanleg å få diagnosen på slutten av barneskulen, når lese- og skrivevanskane har vart ei stund, kan ein også oppdage dysleksi tidlegare. Det blir gjort mykje forsking på tidlege symptom på dysleksi, der målet er å oppdage kva barn som står i fare for å få vanskar med lesing og skriving, fortel Nergård Nilssen. 

– Er dysleksi og dyskalkuli arveleg?

– Det går igjen i familiar, og reknast som arveleg. Men sidan barn og foreldre deler både gen og miljø, er det førebels uklart kva som skuldast gen og kva som skuldast miljø. Det er viktig å vite at dysleksi ikkje har samanheng med intelligens. Dei som er råka må berre jobbe på ein annan måte, seier Nergård Nilssen.  

LES OGSÅ: Barn av dyslektikarar har 45 prosent sjanse for å få dysleksi

– Blir ikkje trudd

I tillegg til at mange lærarar ikkje tilpassar opplæringa til dyslektikarar, meiner Sander og Ruben at det også er eit problem at dei ikkje blir trudd. 

– Ingen trudde at eg hadde desse diagnosane før eg fekk Dysleksikortet, seier Ruben.

Dysleksikortet er laga av Dysleksi Norge, og skal fungere som eit bevis på at ein har diagnosen.

– Samfunnet er jo basert på tal, lesing og skriving. Korleis går det i kvardagen, som å skrive jobbsøknad?

– Det er utfordrande og frustrerande, fordi ein må jobbe mykje hardare for å kunne bli og gjere det ein vil. Vi har begge blitt nekta å kome inn i Forsvaret, til dømes.

Men det finst også mange kjende personar som har dysleksi, som Einstein og kong Olav, så alt går an om ein vil det. 

– Eg brukte tre månadar på å skrive ein jobbsøknad eg blei nøgd med, fortel Ruben. 

Les om då Erna Solberg svara kritikaren: – Eg har dysleksi og skriv sjølv

– Eg brukte tre timar på å lære å skrive ordet «people». Alfabetet klarte eg ikkje i det heile, seier Sander (17). Han er aktiv i Dysleksi Ungdom, der ein jobbar aktivt med å endre tilpassinga til dyslektikarar i skulen. 

– Grammatikk går i surr!

– Korleis er det å vere på Facebook, eller å sjå utanlandsk film?

– Eg får nokre skrivefeil, men det går som regel greitt. Før klarte eg ikkje å lese undertekstar på film. Mamma har betalt språkskule for dyslektikarar i England, der eg har lært engelsk ordentleg, seier Sander. 

– Vennene mine seier at eg må lære meg å skrive. Eg prøver å lese alle skilt og plakatar eg kjem over, men grammatikk går berre i surr! Særleg på nynorsk. Dessutan blandar eg språk, fortel Ruben. 

Ifølgje professor Trude Nergård Nilssen har ein dyslektikar ofte problem med å lære seg samanhengen mellom bokstav og lyd.

– I tillegg kan ein slite med leseflyt, å hugse korleis ord stavast, og nokre gongar også å hugse det ein har lese. Vaksne dyslektikarar kan bli gode på lesing, men kan ha store vanskar med å skrive ord korrekt, seier ho.  

– Kva kan gjere det lettare som dyslektikar?

– Å jobbe med ord er viktig, for då blir ein bevisst på kva slags lydar som er i orda, kva dei betyr, og korleis dei er bygd opp. Å lese bøker gjev betre leseflyt, seier professoren.  

Ruben hadde aldri lese ei bok i sitt liv då han møtte ein bibliotekar som utfordra han.

– Ho sa at eg kunne klare det, og jammen gjorde eg ikkje det. På grunn av henne las eg sju bøker!

Les meir: Dette er ein dysleksivenleg skule!

Les meir på Dysleksi Norge sine nettsider!