Per Gjermund (17) er ikkje redd for å fortelja om dysleksien i jobbsøknadar

Vest-Telemark vidaregåande skule vil bli ein dysleksivennleg skule. Elektroelev Per Gjermund Løvold Askje trur eit godt klassemiljø er avgjerande for om ein vågar å vera open om diagnosen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 31.03.2025 12:03

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– Det kom ikkje som noko sjokk eigentleg, for eg har alltid lege litt bak på norsk og den biten der. Men eg har lært meg å jobba med det, seier Per Gjermund Løvold Askje.

17-åringen fekk dysleksidiagnosen i tiandeklasse, men hadde fått tilrettelegging for lese- og skrivevanskar før det.

Open om diagnosen

No går han i andreklasse på elektro på vidaregåande og sit på kontoret han delar med faren heime på garden. Når Framtida.no møter han er det vinterferie, men elektroeleven jobbar med søknadar på lærlingplass.

I søknadane sine er han open om diagnosen, som han har snudd til noko positivt.

– Gjennom dei utfordringane eg har med dysleksi så har eg lært meg å jobba systematisk og sjølvstendig, og å finna løysingar på problem som kan koma i vegen. Det er gode verdiar som eg kan ta med meg ut i arbeidslivet, les han opp frå søknaden.

– Det blir godt med litt variasjon og sleppe desse bøkene der, småler 17-åringen, og klappar på den omfangsrike pensumboka frå elektro.

Sjølv om ein vel yrkesfag på vidaregåande, må ein jobba mykje med lesing og skriving. For Per Gjermund er det sistnemnde som er den største utfordringa. Han har fått beskjed om å vera obs på dobbeltkonsonantar og forskjellen mellom «og» og «å».

Snakkar om det

Ein heil dag i veka får elektroelevane kopla heile dagen, og i programfagtimane er det stort fagleg engasjement.

Per Gjermund har fleire klassekameratar som har dysleksidiagnosen. Han trur klassemiljøet har mykje å seia for om elevar synest det er greitt eller ikkje å seia at dei har dysleksi.

– For meg er eg berre nøydd å seia det, for om dei ser at du jobbar litt treigare eller brukar litt lengre tid på ting, så veit dei kvifor.

Birgit Johanne Kovajord Olsnes er avdelingsleiar for pedagogisk støtte og tilrettelagt opplæring ved Vest-Telemark vidaregåande skule.

Ho trur enkelte kan synast det er greitt å seia at dei har dysleksi, fordi dei då har ei forklaring på kvifor dei strevar litt ekstra på skulen, som ikkje handlar om intelligens.

– Me har fokus på det og snakkar om det, noko som gjer at det er ufarleg å seia at eg har dysleksi. Det er ikkje slik for alle, men for ein del er det heilt normalt, seier ho på telefon til Framtida.no.

Dårleg tid

For nokre år sidan la skulen merke til at dei fekk inn fleire elevar med dysleksidiagnosar, noko avdelingsleiaren ser på som eit teikn på at elevane har fått betre tilrettelegging.

Skulen jobbar òg for å få på plass sertifisering for å kunna kartleggja elevar.

– Når dei er komne på vidaregåande har ein litt dårleg tid. Kvart år har me elevar som får diagnosen sin på vidaregåande, forklarar avdelingsleiaren.

Olsnes meiner det hjelper at lærarane får kjennskap til verktøya og verkemidla som finst. Ho har eit inntrykk av at det frå gamalt av finst haldningar om at tilpassing til elevar med dysleksi er ei spesialpedagogoppgåve, framfor noko alle lærarar må gjera i sitt fag.

– Me ser at lærarar på yrkesfag nok har gjort mykje utan å ha sett at det er det det handlar om. Dei set saman teori og praksis på ein måte som gjer det lettare å leggja til rette for det, forklarar ho.

Lærarar manglar kompetanse

Éin av fire lærarar oppgjev at dei har lært lite eller ingenting om dysleksi i utdanninga si, ifølgje ein rapport frå Dysleksi Norge.

– Vi kan ikkje akseptera at norsk skule sviktar dei elevane som treng hjelpa mest. Viss kompetansen blant lærarar ikkje blir heva, kjem endå fleire elevar til å falle utanfor, sa Rita Lie, fungerande generalsekretær i Dysleksi Norge, i ei pressemelding.

Berre 7 prosent meiner at dei har fått god nok opplæring om lese- og skrivevanskar. Vest-Telemark vidaregåande har teke grep for å heva kompetansen til lærarane på dysleksi og lærevanskar. Dei jobbar med å bli sertifisert som dysleksivennleg skule, gjennom Dysleksi Noreg.

I dag er det 24 vidaregåandeskular i Noreg som har fått sertifiseringa.

Grepa Vest-Telemark vidaregåande skule har teke inneber mellom anna minikompetanseheving kalla «dysleksidrypp» og ein digitalpedagog som hjelper lærarar med verktøy og opplæring.

– Det kan handla om å bruka ein del prinsipp som gjer det lettare for ein elev med dysleksi å fungera. Det kan vera å gje ut ein PowerPoint i staden for at eleven må skrive av, slik at eleven kan fokusera på innhald framfor å skriva av, forklarar Olsnes.

Hjelpemiddelet Lingdys Skole er tilgjengeleg for alle elevane, medan pluss-versjonen er tilgjengeleg for dei som har fått det godkjent som hjelpemiddel frå Nav. Elevane kan òg nytte seg av Engasjerende leser, eit opplesingsverktøy frå Microsoft. Olsnes meiner dette kan vera nyttige hjelpemiddel òg for elevar som ikkje har dysleksi, men til dømes er framandspråklege eller treng hjelp til struktur.

Manuelt arbeid

Per Gjermund har lært seg gode strategiar. Han les gjennom ting fleire gonger, om han treng det. Om han ikkje har forstått det etter tre gonger, spør han læraren.

– Det er for så vidt greitt nok, for då lærer du litt meir. Så får eg sjølvsagt tilbod om å skriva på datamaskin, men ein får det ikkje inn i fingrane då, seier 17-åringen.

Han føretrekker penn og papir, sidan innkommande meldingar og liknande på pc-en kan øydeleggja for konsentrasjonen.

Etter mange timar og sider med notat har òg handskrifta vorte finare.

– På det verste klarte eg ikkje å lesa mi eiga handskrift, seier han, med glimt i auga.