Løfter fram krigarkonge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Eit lite knippe personar var møtt fram på bokhandelen på Førde Torg då Randi Førsund lanserte si første bok «Magnus Berrføtt» fredag. Dette er ei bok som ligg under serien «Sagakongene», der Førsund er den åttande forfattaren som bidreg.

– Det tok fire-fem veker med intensivt arbeid å skrive denne boka, seier Førsund, som også hadde med seg sin historikarfar Finn B. Førsund på lanseringa.

– Sidan pappa har skrive mange bøker tidlegare, og dette er mi første bok har eg fått god hjelp heimanfrå, og me har diskutert ein del undervegs.

– Men det er viktig å seia at ho har skrive boka heilt på eiga hand då, supplerer faren med eit smil.

LES OGSÅ: Sopp kan ha ført til heksebrenning

Mange år med interesse
Berrføtt har vore med Førsund i mange år, ifølgje ho sjølv.

– Då eg var liten reiste me mykje mellom Sogn og Austlandet, der mor mi kjem frå. Då me drog på desse turane, fortalde pappa meg om historiene som høyrer til mange av dei ulike plassane me køyrde forbi innover Sognefjorden. Då eg var tolv år vart eg veldig interessert i historia om Magnus Berrføtt si kone Gunnhild, og etter kvart utvikla dette seg til å verta ei interesse også for Berrføtt sjølv.

Jobbar som Kripos
For dei aller fleste er Førsund aller mest kjend for arbeidet med filmen «Hemnen», der ho i manusarbeidet har forska mykje på Berrføtt gjennom mange år.

– Dette arbeidet er årsaka til at eg vart spurt om å skriva denne boka, som eg skreiv parallelt med deler av manuset. Det finst lite informasjon om Berrføtt, og ein kan samanlikna forskingsarbeid på vikingtida og mellomalderen litt med Kripos sitt arbeid. No jobbar me heldigvis ikkje med blod, men det gjeld å finna fragment og spor som ein kan setja saman til eit heilskapleg bilete og laga ein profil utifrå dette.

LES OGSÅ: Vikingane brukte magi i krig

Ferdigstilling
Sjølv om Berrføtt har følgt Førsund lenge, har kona hans, Gunhild, den mest framståande rolla i «Hemnen» sitt manus. Filmen skal vera ferdig i 2014.

– Det er slik ifølgje arbeidsplanen, men det er mange element som skal ferdigstillast til då. Men eg kan seia at me har passert «point of no retur» for lengje sidan, og at me ligg godt innanfor tidsramma for typen spelefilmprosjekt. Framover handlar arbeidet mykje om å finansiere innspurten, noko som er den største utfordringa nett no.

Førsund fortel vidare at fleire av rollene i filmen allereie besett.

– Informasjonen om kven desse skodespelarane er vil me ikkje gå ut med endå, men gjennom filmteamet får me tilgang til casting frå A-lista. Filmen vil ha mykje humor, så eg kunne gjerne tenkt meg å ha hatt med meg ein skodespelar som Rowan Atkinson i filmen.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Gå til temasidene våre for historie!