Miljørørsla rasar mot statsbudsjettet: «Flaut», «absurd», «uforståeleg»

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 09.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljørørsla: Statsbudsjettet er flaut

Torsdag føremiddag blei forslaget til neste års budsjett lagt fram. Regjeringa meiner dei forsterkar klima- og miljøprofilen, og aukar pengepotten med 1,3 milliardar kroner. Kor stor den totale pengepotten er, kan dei likevel ikkje seia.

– Det er fordi mange løyvingar har element av miljø og klima utan at ein kan seie kor stor den andelen er, melder kommunikasjonsseksjonen i Klima- og miljødepartementet.

Les alt om statsbudsjettet her!

Miljøorganisasjonar er ikkje nøgde med budsjettforslaget.

– Me saknar ei større satsing på klima, miljø og kutt av klimagassutslepp. Forslaget til statsbudsjettet gjer ikkje nokon store endringar i den største kjelda til forureining me har, nemleg olje, seier 2. nestleiar i Natur og Ungdom (NU), Magnus Storvoll Strømseth til Framtida.no.

Absurd politisk teater

Nokre satsingsområde for regjeringas klima- og miljøprofil er støtte til klima- og skoginitiativet som skal få ned klimagassutslepp frå avskoging og skogforringing i utviklingsland samt meir penger til utbygging av jernbanen.

– Samtidig med utbygging av jernbane skal det bli bygd meir veg. Regjeringa har tydelegvis ikkje forstått at det ikkje nyttar å bygge meir veg dersom me skal flytte passasjerane over til tog, meiner Storvoll Strømseth i NU.

Leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, er einig.

– Regjeringa driv eit absurd politisk teater. Regjeringa kunne valt å auke moms på miljøskadeleg forbruk, men vel i staden å gjere kollektivtransport, el-bil og miljøvennlege opplevingar dyrare. At løyvingane til jernbane auker noko blir spist opp av massiv satsing på veg smat kutt i støtte til gang- og sykkelvegar. Dermed blir ikkje dette eit budsjett for grøn omstilling, seier Bakken Riise.

– Jobbar mot FN-konvensjon

Regjeringa føreslår å setje av 3 milliardar kroner i 2018 til initiativ som skal ta vare på regnskogen. Det tilsvarar ei auke på 118 millionar kroner frå 2017.

– Men regjeringa har kutta penger til regnskogen dei siste åra, så sjølv om det er ein auke er det totalt sett mindre auke, meiner miljøpolitisk leiar i Verdas naturfond (WWF), Ingrid Lomelde.

– Klima- og skoginitiativet er det største internasjonale miljøtiltaket til Noreg. Me i WWF skulle gjerne sett meir satsing på det området sidan skogvern er bra for både naturmangfald og klima, seier Lomelde.

Miljøorganisasjonen Sabima jobbar for å stoppe tapet av naturmangfald. Dei skriv i ei pressemelding at statsbudsjettet for 2018 jobbar mot FNs konvensjon for biologisk mangfald.

– Det er ingen satsing på noko av dei tiltaka som verkeleg kan stanse tapet av naturmangfaldet i Noreg. Regjeringa kutter derimot med 200 millionar kroner, skriv Sabima.

Fryktar meir matsvinn

Regjeringa forplikta seg til å halvere matsvinnet i Noreg innan 2030, men no blir matkastelova som kan påleggje butikkane å gje bort overflødig mat til velgjerdshjelp skrinlagt.

– I tillegg blir støtten til bransjeorganisasjonen Matvett og Matsentralen i Oslo kutta. Eg fryktar at dette budsjettet vil auke matsvinnnet i Noreg, seier Bakken Riise i Framtiden i våre hender.

Bellona ser svært alvorleg på at regjeringa kuttar løyvingane til teknologi for fangst og lagring av CO2-utslepp frå industrien.

– Medan dei burde ha løyva minst 400 millionar kroner til fullskala CO2-fangst for industrien, kuttar dei i staden frå 360 til berre 20 millionar kroner, seier seniorrådgivar Olav Øye i Bellona.

Han kallar kuttet uforståeleg, og meiner Høgre og Frp har misforstått.

– I staden for å kutta CO2-utslipp, har regjeringa kutta pengar til klimatiltak, seier Øye.