Reduserer matsvinn med ny app
Med appen «Too good to go» reduserer bakeri i distrikta matsvinn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Valaker Bakeri AS og Braud og Bollur i Ulstenvik byrja å bruke den danske appen for vel ei veke sidan.
Den fungerar på følgande enkle måte: Du vil gjennom appen kunne kjøpe matvarer som er til overs på slutten av dagen for ein billig penge. Bakeri og restaurantar kan bruke appen på ulike måtar.
Likevel nyttar dei to bakeria i Ulsteinvik appen på lik måte. Dei lagar til posar med ulike varer alt ettersom kva dei har igjen mot slutten av dagen. Det kan vere brød, wienerbrød, bollar, kaker eller baguettar. I posen får du ein god miks til berre 35kr. Dei nemner at det kan vere ein god idé å bestille via appen så tidlig som mogleg.
Alle blir glade
– Etterspørselen er der og det kan vere greit å vere tidlig ute å bestille, seier butikksjef ved Valaker Bakeri AS i Ulsteinvik, Lisbeth Notø.
Ho legg til at det er fleire fordelar med ordninga. Det er bra for miljøet at dei ikkje treng å kaste mat. Dessutan er det betre at nokon får kjøpe det for ein liten slant.
– Og då blir jo alle glade, summerar ho med eit smil.
Notø trur dette må vere ei ypperlig ordning for studentar og vidaregåande elevar.
Før eller etter stengetid
Isabelle Aasmo Liaset og Sara Haile Kidane ved Braud og Bollur i Ulsteinvik fortel at varene kan hentast enten femten minutt før stengetid eller rett etterpå.
Dette gjeld også for Valaker Bakeri AS.
Begge bakeria håper at fleire vil ta i bruk tjenesta. På den måten kan vi saman redusere matsvinn.