Så mykje oljepengar vil regjeringa bruka neste år

2,9 prosent av oljefondet = over 230 milliardar kroner.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag legg finansminister Siv Jensen (Frp) fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2018. Der skal svimlande summar fordelast til utdanning, trygd, sjukehus, kultur og andre formål i samfunnet:

Oljefondet, eller Statens pensjonsfond – Utland som det eigentleg heiter, har i dag ein marknadsverdi på nesten 8.000 milliardar kroner.

Av dette har finansministeren i dag sagt at regjeringa vil bruka 2,9 prosent i neste års statsbudsjett – tilsvarande rundt 232 milliardar kroner. Det er nært opptil grensa politikarane har gitt seg sjølve på 3 prosent (handlingsregelen).

Til samanlikning tar staten inn over 935 milliardar kroner i skattar og avgifter frå fastlands-Noreg i 2017. Det er altså ikkje medrekna inntekter frå petroleumsverksemd.

Totalt bruker staten over 1.300 milliardar kroner i statsbudsjettet.

Oljepengebruken har auka med 60 prosent under Siv Jensens tid som finansminister. Unge Venstre-leiar Tord Hustveit tok tidlegare i år til orde for å redusera oljepengebruken ytterlegare for å spara meir til komande generasjonar. Han fekk støtte frå Venstre-leiar Terje Breivik.

I dag seier likevel Breivik til NRK at oljepengebruken verkar nøktern og fornuftig. Det blir nemleg ein litt mindre vekst i oljepengebruken enn det har vore i dei siste åra, fordi økonomien i Noreg no går betre.

Etter at regjeringa av Høgre og Frp har lagt fram sitt forslag statsbudsjett, skal dei forhandla med Venstre og KrF om å få fleirtal for eit budsjett i Stortinget

Då vil det visa seg om samarbeidspartia får oljepengebruken ned – eller opp – når dei skal ha inn sine prioriteringar.