LO: Unge menn slit mest i arbeidsmarknaden

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I LOs siste konjunkturanslag går det fram at sjølv om nedgangen i arbeidsløysa fortset, slit særleg unge menn med lite utdanning på arbeidsmarknaden.

Då sjeføkonom Roger Bjørnstad la fram anslaget tysdag, peikte han på at nedgangen i sysselsettingsprosenten er på 0,4 prosent frå i fjor til i år. Samtidig understreka han at nedgangen i samla arbeidsløyse har samanheng med at fleire går ut av arbeidsstyrken, skriv Dagens Næringsliv.

«Nedgangen i sysselsettingsraten har vore sterkast blant unge, og særleg blant menn med lite utdanning», heiter det i eit arbeidsnotat frå LO.

– Det blir ikkje skapt nok jobbar, og ein del av arbeidslivet er utsett for veldig tøff konkurranse. Det rammar norsk ungdom og privat sektor – og dermed også mannsdominerte bransjar hardast, seier Bjørnstad.

I arbeidsnotatet blir det peika på at blant menn mellom 25 og 29 år som berre har grunnskuleutdanning, har prosentdelen som er sysselsett falle frå 79 til 66 frå 2006 til 2016.

«Forverringa er reflektert i at delen trygda er gått opp. Nær 100.000 under 30 år er verken i arbeid eller utdanning. Over halvparten manglar fullført vidaregåande opplæring», heiter det.

LO meiner at manglande tilbod om oppfølging, arbeidsmarknads- og kompetansehevande tiltak bidrar til at for mange «kjem inn i helsespor» – og dermed blir dytta endå lenger unna arbeidslivet.