Studie: Ikkje så farleg å slumre, likevel

Ein svensk studie viser at dei som slumrar – utset vekkjarklokka for å få nokre minutt meir i senga – ikkje nødvendigvis får ein negativ effekt.

NPK-NTB
Publisert

Er du blant dei som slumrar og lèt alarmen ringe to og tre gonger før du står opp, kan det faktisk hende du er meir klar til å møte dagen enn dei som står rett opp, viser ein studie frå Stockholms universitet.

Bergens Tidende skriv at dei svenske søvnforskarane fann ut av det etter å ha hatt 31 deltakarar i eit søvnlaboratorium. Det var folk som vanlegvis slumra.

Den eine natta slumra dei tre gonger i til saman 30 minutt før dei stod opp. Ein annan dag stod dei opp til same tidspunkt, men første gongen alarmen ringde. Rett etter at dei stod opp, gjorde dei ein kognitiv test. Deltakarane presterte best den natta dei slumra.

– Vi trur forklaringa må vere at det at dei har vakna nokre gonger, har sett i gang systemet i hjernen, seier Tina Sundelin, ein av forfattarane til studien.

– Vi finn ikkje store positive effektar av å slumre, men vi finn heller ikkje store negative effektar. Vi håpar derfor at studien kan ta vekk litt av stigmaet: At du med godt samvit kan slumre og vite at det ikkje påverkar søvnen din for mykje negativt, seier ho.