Dobbelt så mange barn brukar sovemedisin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sovemedisin til dobbelt så mange barn

– Dette er urovekkjande. Å gi medikament til barn for å få dei til å sove bør ikkje vere det første ein gjer. Det må vere unntaket, seier Mari Hysing, psykolog hos Uni Research Helse til Bergens Tidende.

Tal frå Reseptregisteret viser at på ti år har talet på sovemiddel i bruk hos barn og unge frå null til 19 år dobla seg.

– Ungar som slit med søvn på barneskulen har også mykje høgare risiko for at desse problema fortset i ungdomsåra. Det viser ein nyleg publisert studie, seier Hysing.

Undersøkingar blant norske barn har vist at vanskar med innsovninga auka frå 12,5 prosent til 20,5 prosent frå 1983 til 2005. Ståle Pallesen, professor i psykologi ved Universitetet i Bergen og forskar på søvnproblem, meiner det kan vere blant anna auka bruk av teknologi og dårlege søvnvanar som er årsaka til dette.

– Det kan også vere at foreldra er meir stressa enn før og at dei har mindre toleranse for at ungane ikkje søv. At foreldra har lågare terskel for å bruke sovepiller som ei rask løysing, seier han.

I 2004 fekk 3.117 barn mellom ti og 19 år sovemedisinar. I fjor var det 10.822 i same aldersgruppe som brukte medikament mot søvn. (©NPK)

LES OGSÅ: Unge vaksne slit meir med søvnen