Catalonia: Spørsmålet er – kva no?

James K. Puchowski
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I fleire tiår har det vore snakk om sjølvstende i Catalonia, som er ein del av Spania (fram til no). Katalanarane har sitt eige språk og sin eigen kultur, og det er ikkje å leggja skjul på at fleire og fleire er villige til å bestemma korleis Catalonia skulle sjå ut i tiåra som kjem. 1. oktober var det difor avstemming i Catalonia, og eg tok turen dit med nokre kameratar frå sjølvstenderørsla i Skottland.

Britiske James Puchowski (22) var observatør under folkeavstemminga i Catalonia. Foto: Andrea Nøttveit.

Me var fem stykke, og to av oss hadde tidlegare erfaring som folkevalde. Det var viktig for oss å halda oss nøytrale i det offentlege – me var ikkje i Catalonia for å støtta éi side. Som demokratar var me meir opptekne av at valet skulle bli ope til alle uansett eins synspunkt rundt spørsmålet om sjølvstende for katalanarane. Men det var eit problem – ifølgje regjeringa i Madrid, Spanias hovudstad, var avstemminga ulovleg. Regjeringa i Catalonia driv faktisk med noko som resten av Spania aldri skulle godta; det er ikkje lovleg for ein del av landet å erklæra seg sjølvstendig. Grunnlova seier nei.

Natta før valdagen besøkte me vallokala i nærleiken av ein by som heiter Vilassar de Mar – det var allereie mange som var førebudde på at det spanske nasjonale politiet eller sin væpna del (la Policia Nacional og la Guàrdia Cívil) skulle koma, ta bort urnene og alle materiala som trengs for å halda avstemming. Det var grilling, musikk og mykje pizza og brus til alle ved dei fire lokala me besøkte. Folket var som sagt førebudde, men også redde – ikkje redde for å bli angripne, men for at eit ope val om framtida til Catalonia skulle stoppast.

Som katalansk-talar fekk eg snakka med dei unge som var til stades:

– Kva skal dokker gjera viss politiet kjem? spurde eg når eg fekk sjansen.

– Dei er hjarteleg velkomne! Sjå, me har Monopol og pizza. Det blir kos!, var eit av svara eg fekk på spørsmålet. Dei fleste svara var slik.

Veljarane hadde ingen planar om å slåst. Dei ville berre stemma. Nokon hadde allereie gøymt bort valurnene slik at politiet ikkje kunne finna dei dersom vallokalet skulle få eit (ikkje særleg venleg besøk) frå statsmaktene. Men planen var å halda fram som vanleg. Valet var planlagt frå klokka 9 fram til klokka 20. Alle skulle bli med, så lenge dei var over 18, var spansk statsborgarar, og budde i Catalonia.

Det skjedde diverre mykje trist på valdagen.

Dagen min starta klokka 5, og det var allereie mange utafor dei fleste vallokala på tvers av Catalonia som ville stemma så tidleg som mogleg. I Vilassar de Mar var det heldigvis ingen problem – men nokre gongar var det vanskeleg å kopla til internettet for å få tilgang til lista over alle veljarane. Ein god del av valfunksjonærane måtte bruka sine eigne mobilar der datamaskinane hadde blitt fråkopla frå internettet. Me visste ikkje eksakt kvifor.

Dagen skulle halda fram som planlagt. Me hadde bil og skulle køyra rundt Catalonia og besøkja lokala på veg. Då høyrde me om Sant Julia de Ramis, ein liten by utafor storbyen Girona nord i Catalonia. Det nasjonale politiet hadde allereie teke turen dit, knust glasdørene, teke bort urnene og klarte å slå fleire veljarane i prosessen. Me måtte dra dit også.

Med ein gong me var framme kunne me sjå konsekvensane. Blod på veggane, glas på golvet, menn og kvinner som ikkje kunne noko anna enn å gråta. Den internasjonale gruppa vår blei straks intervjua av Associated Free Press og Reuters – men kva kunne me gjera? Det var for seint.

Det ser ut til at den katalanske regjeringa er i ferd med å erklæra Catalonia som Europas nyaste nasjonsstat

Det er så mykje meir me gjorde den dagen, men eg er sikker på at ein god del av informasjonen, videoane og bileta allereie er på sosiale medium. Den katalanske regjeringa klarte å samla over 2 millionar stemmesetlar (90 prosent av stemmane var for lausriving), men det var diverre 700.000 som blei stolne av politiet. Det er umogleg å veta eksakt kva folket i Catalonia eigentleg meiner om sjølvstende.

Ein må tenkja på dei som ikkje ville stemma på grunn av politiet, dei som tenkte at forsøket på å halde ei avstemming var nyttelaust sidan Spania ikkje kjem til å godta resultatet, så vel som dei utalde 700.000. Spørsmålet er no – kva no?

Det er fint å påstå at dei fleste i Catalonia vil bu i eit nytt sjølvstendig land, men det er på same måten vanskeleg å påstå at dei ikkje vil det utan å ha denne samtala i fyrste omgang. Då det var sist regionalval i Catalonia var det partia for sjølvstende og for folkeavstemming som vann og fekk moglegheita til å danna regjering. Det er visst mange – minst 2 av 5 millionar potensielle veljarar i Catalonia – som trur på sjølvstende.

Og, det finst mange grunnar. For nokon handlar debatten om Catalonia sin plass som ein del av Europa – katalanarane har eit språk som dei ikkje alltid får bruka utafor Catalonia, og dei synest at spanske kulturelle og nasjonale tradisjonar ikkje representerer dei. For andre er sjølvstende ein måte å bli kvitt ei høgrevridd spansk regjering som ikkje investerer nok i Catalonia.

Dei som er imot sjølvstende har jo sine grunnar – det er mogleg å kjenna seg både katalansk og spansk. Mange som bur i Catalonia kjem opphavleg frå resten av Spania, og snakkar kanskje ikkje katalansk. Det er også verdt å stilla spørsmål om Catalonia kan overleva utan Spania. Kva med katalanarane som jobbar i militæret? Er det ikkje rimeleg at hevda at avstemmingar om sjølvstende blir ulovlege sidan grunnlova er der for at demokratiske rettar for alle i Spania blir tekne vare på?

Det ser ut til at den katalanske regjeringa er i ferd med å erklæra Catalonia som Europas nyaste nasjonalstat. Eg kan ikkje seia sjølv om dette er den klokaste måten å gå vidare, for det er framleis mange i Catalonia og ikkje minst resten av Spania som ikkje vil at det skal skje. For nokon som eg som trur på demokrati og folkestyre, synest eg at det er urettferdig å ikkje gje det katalanske folket moglegheita til å bestemma seg.

Saka held fram under biletet

Demonstrasjon

Det har vore fleire demonstrasjonar i Catalonias gater sidan folkeavstemminga 1. oktober. Foto: Fotomovimiento/Flickr

Lover er lover, men dei kjem ikkje av seg sjølve. Stemmeurna bestemmer kven som skal bli eit lands neste politikarar som skal vedta nye lover på vegne av folket. Folket snakkar direkte gjennom stemmeurna. Men viss urna blir teken bort – viss veljarane blir angripne for å ha lyst til å stemma – kva då er poenget med eit demokratisk system viss statsmaktene seier nei?

Framtida ser mørk ut. Spania vil ikkje halda avstemming. Folket i Catalonia er delt i to. Etter ei problematisk avstemming og så mange uteljelege dagar med protestar på gatene i Barcelona, er det eigentleg ein god idé å erklæra sjølvstende med ein gong? Er det heller faktisk betre og lettare å berre venta på ei løysing? Korleis kan to polariserte sider av ein slik debatt snakka med kvarandre viss det er ingen veg ut? Eg har ikkje svara. Viss ikkje sjølvaste katalanarane får stemma om framtida si, kven då har retten til å ta desse avgjerslene på deira vegner?