Språk, fotball og fridomsstrev i Catalonia

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språk, fotball og fridomsstrev

11. september har sidan 1714 vore ein spesiell dato for katalanarane i det nordaustre hjørnet av Spania. Den dagen fall Barcelona i hendene på Bourbon-dynastiet, som like før kunne feira sigeren i den spanske arvefølgjekrigen (1701-1713). I 1716 avskaffa så det franskætta kongehuset dei særeigne rettane og institusjonane som Catalonia-regionen hadde hatt i fleire hundre år.

I same slengen blei det katalanske språket avskaffa og erstatta med kastiljansk (spansk) i det offentlege rommet. Tilbakegangen for katalansk gjaldt likevel ikkje for den private sfæren, noko som skulle få mykje å seia for den kulturelle bløminga som tok til i Catalonia frå 1830-talet av. Den katalanske Renaixença (Gjenføding) i tida 1833-1892 skriv seg inn i den europeiske romantikken, med sin preferanse for kjenslene, fantasien, naturen og heimstaden i vid tyding.

LES OGSÅ: Arbeidslaus og fryktlaus

Frå bondekultur til bykultur
Sidan dei styrande gruppene i heile Spania rundt 1800 uttrykte seg på kastiljansk – som eit teikn på si eiga leiarrolle – blei katalansk i denne tida rekna for å vera bøndene sitt språk. Men den før omtala Renaixença gjorde sitt til at den urbane middel- og overklassen adopterte språket, som fekk fornya prestisje og utbreiing. På 1800-talet utvikla det seg, det konfliktfylte motsetnadstilhøvet mellom det politiske senteret, Madrid, og eit Barcelona som har vore mykje meir dynamisk enn den spanske hovudstaden ut frå ein sosial og økonomisk ståstad. Barcelona fekk sin modernitetsidentitet lenge før Madrid, som lenge stritta imot den politiske utviklinga etter den franske revolusjonen og ei økonomisk utvikling basert på nye produksjonsmetodar og industri.

Den katalanske moderniteten avgrensa seg ikkje berre til politikken og økonomien. Katalansk modernisme var kjenneteikna av vilje til å endra det katalanske samfunnet gjennom ei politisk-kulturell rørsle, noko som la grunnlaget for eit tett samarbeid mellom kunstnarar og næringsliv.

Modernistane hadde ein ambisjon om å fullføra det kreative arbeidet som la Reanaixença hadde starta til beste for Catalonia. Den katalanske modernismen, som varer frå om lag 1885 til om lag 1920, skulle skrivast inn i nasjonale katalanske rammer, og i dag er det liten tvil om at modernistane, spesielt arkitektane, har sett sitt klare preg på det moderne Catalonia.

Den katalanske modernismen er, slik mange katalanarar ser det, symptomatisk for måten det katalanske folket løyser utfordringar og problem: med originalitet, evne til fornying og med eit ope sinn utover. Denne skaparevna finn ein att, ifølgje denne teorien, ikkje berre i kunst og kultur, men like mykje i næringsliv og politikk, for ikkje å snakka om i FC Barcelona, denne fotballklubben som i dag er eit fotballens ikon i Catalonia.

Katalanarane sin Ivar Aasen
Heilt sidan dei første åra av la Renaixença på 1830-talet kom det katalanske språket til å stå sentralt i katalanarane sin kamp mot Madrid-sentralismen. Språket blei sett på som sjølve vitnemålet på den katalanske identiteten opp gjennom historia. Hovudpersonen i utviklinga av moderne katalansk blei Pompeu Fabra (1868-1948), som for katalansk språk blei det same som Ivar Aasen for nynorsken.

Fabra vigde i hovudsak livet sitt til å studera, analysera og setja opp normer for moderne katalansk språk, innan ortografi, grammatikk og ordtilfang. Framleis ber den autoritative ordboka for katalansk Fabra sitt namn, og folk refererer til henne som el Fabra. I normeringsarbeidet fann Pompeu Fabra to viktige inspirasjonskjelder: etymologien med referanse til skriven katalansk frå seinmellomalderen, og talemålet i Fabra si eiga samtid.

Pompeu Fabra hadde som uttalt mål å skapa eit standardisert katalansk skriftspråk for heile det katalanske folket, eit syn han vann omfattande tilslutnad for i desse første tiåra i det 20. hundreåret, då manifestasjonar av katalansk nasjonalkjensle var vanlege i Catalonia. Den sjølvlærde katalanske filologen ville for alt i verda unngå at morsmålet hans blei redusert til lågstatusspråk.

I 1932 gav den 2. republikken (1931-1936) sjølvstyrestatuttar til Catalonia. For den katalanske regionen førte dette med seg eige regionalregjering, eige regionalparlament, eigne domstolar, eigen regionaladministrasjon, eige budsjett, eige undervisningssystem og eigne kulturinstitusjonar. Katalansk blei jamstelt med kastiljansk innanfor regionen Catalonia.

LES OGSÅ: Folk kjenner og likar Ivar Aasen

Det nasjonale spørsmålet
Den franske historikaren Pierre Vilar (1906-2003) har datert den store epoken for europeisk nasjonalisme til dei tiåra som går frå 1870 og fram til utbrotet av den første verdskrigen i 1914. Vilar skriv at ein alt før den franske revolusjonen starta i 1789, tok til å nytta termen «nasjon» i tydinga ‘alle undersåttane i motsetnad til kongedømmet eller små privilegerte grupper’.

Mange katalanarar set si nasjonalkjensle inn i ei ramme som avgrensar dei frå sentralismen i Madrid. Då Manresa-basane i 1892 førte den katalanske rørsla frå intellektuell regionalisme og over til krav om regionalt politisk sjølvstyre, som ein reaksjon mot eit gjennom korrupt og udugeleg styre i Madrid, var dette ein reaksjon som vann tilslutnad langt utanfor katalansktalande område.

Visca el Barça, visca Catalunya!
«Leve FC Barcelona, leve Catalonia! » kan ein i dag høyra når heile Catalonia sitt fotballag spelar på heimebane. Og i heimekampane bryt tilskodarane ut i taktfaste rop ‒ «In-Inde-Independència» rundt det 17. minuttet og 14. sekundet i kvar omgang ‒ for å markera politiske krav om sjølvstende. 17:14 markerer året 1714, då Catalonia, som alt omtala, fall i hendene på Bourbon-dynastiet.

Med slagordet ‘el Barça – més que un club’ («FC Barcelona – meir enn ein klubb”) frå 1968 blei bandet mellom denne klubben og den katalanske identiteten sjølve varemerket for den katalanske identiteten, saman med det katalanske språket. Ved å få FC Barcelona med på laget klarte dei politisk leiande sektorane i Catalonia å få med seg også dei store folkelege gruppene i arbeidar- og underklassen.

Med ein fotballfilosofi basert på estetikk, kreativitet, originalitet og fornying fører dagens Barça vidare tradisjonen frå modernismen i arkitekturen, men heile tida kontrollert av det folkekulturen i Catalonia kallar for seny og som katalanarane oppfattar som typisk for folka i regionen: den mentale likevekta og ei realistisk oppfatning av kva ein faktisk kan gjera i ein konkret situasjon.

Kimen til den kulturelle bløminga og den språklege revitaliseringa i Catalonia blei lagd under Franco-regimet med ihuga språkleg og kulturell kamp på grunnplanet. Det var likevel først i åra etter at diktatoren Francisco Franco døydde i 1975 at katalansk, saman med andre regionalspråk, kom til å bli nytta i stor skala. Den demokratiske grunnlova av 1978 opna for nokså omfattande regionalt sjølvstyre, og Spania gjekk på få år frå å vera eit rigid sentraldirigert samfunn til å bli eit desentralisert land. Dei 17 autonome regionane som landet blei delt inn i, fekk i åra 1979-1983 sine autonome statuttar, Catalonia alt i 1979.

Dei første åra med politisk overgang frå diktatur til demokrati blei det i Catalonia verkeleg fart i arbeidet med å normera og standardisera katalansken, som på nytt blei jamstelt med kastiljansk innanfor den katalanske regionen. Samstundes tok ein til med arbeidet for å normalisera katalansk, det vil seia å ta det i full bruk på dei mest ulike områda i det katalanske samfunnet. Aviser kom ut på katalansk, språket blei nytta i radio og fjernsyn, og namn på gater, institusjonar og bedrifter blei skifta ut frå kastiljansk til katalansk. I 1998 blei språkpolitikken i Catalonia nedfelt i ei eiga lov, der det heilt i starten står at katalansk er «Catalonias eige språk» og at det «karakteriserer regionen som folk».

Situasjonen i dag
Tilhengjarar av meir suverenitet til Catalonia assosierer nasjonen og nasjonalkjensla med demokratiet og folket sin vilje, noko som kjem klart til uttrykk når dagens katalanske regionalpresident Artur Mas seier at «Catalonia si framtid blir avgjord av folket og ikkje i statsråd i Madrid eller av ein grunnlovsdomstol», som svar på forsøka frå dømmande og utøvande sentralmakt på å gjera kutt i det katalanske sjølvstyret.

Den seinaste tida har kampen for full suverenitet hardna til. Tilmed den høgre-sentrum-orienterte koalisjonen CiU (Convergència i Unió), som sit med makta i den katalanske regionalregjeringa, går no inn for folkerøysting om lausriving av regionen frå Spania, noko dei ikkje har gjort tidlegare. 10. juli 2010 blei eit vendepunkt i katalansk politikk generelt. Den dagen tok ein million til gatene i Barcelona, for å demonstrera mot at den spanske grunnlovsdomstolen ville kutta ned på det katalanske sjølvstyret.

For det kollektive katalanske medvitet er det langt på veg sentralregjeringa i Madrid som er skuld i den økonomiske misera. Når den konservative regjeringa til PP (Partido Popular) viser null interesse for å diskutera økonomiske overføringar og ei «skattepakt» med den katalanske regionalregjeringa, då er det ikkje til å undrast over at den økonomiske situasjonen får dramatiske politiske konsekvensar. Demonstrasjonen 11. september 2012 var eit handfast prov på det, med opp mot to millionar deltakarar ifølgje arrangørane. «Catalonia, ein ny stat i Europa» var hovudslagordet i denne massemobiliseringa for uavhengigheit.

Den spanske utdannings- og kulturministeren José Ignacio Wert kasta meir eld på det katalanske bålet då han tok til orde for å «spanjolisera» dei katalanske ungane. Nok eit prov, i alle fall for katalanarane, på at den konservative regjeringa til Mariano Rajoy orienterer seg i retning ideologien til Franco-regimet (1939-1975).

Den katalanske regjeringa tok i dei første månadane i 2013 initiativ til å skipa eit rådgivande organ for ein nasjonal overgang. Så stor er optimismen at ein alt er i gang med å førebu ei folkerøysting om overgangen til eit eige nasjonalt statsapparat. PP har annonsert at partiet og den spanske regjeringa vil nytta alle midlar for å slåst mot desse måla. Terningen er kasta, kampen om Catalonia si framtid er alt i gang.

Faktaboks

Catalonia

• Område nordaust i Spania med stor grad av sjølvstyre

• Innbyggjarar: 7, 6 millionar

• Hovudstad: Barcelona

• Språk: Katalansk, spansk

• Areal: 32 114 km2

• Spanias mest produktive og lønsame region med mellom anna bilindustri, kjemisk industri, tekstilindustri og jordbruk.

 

Kjelde: Wikipedia, SNL