Dette må du vite om folkerøystinga i Catalonia
Minst 844 er skadde etter i Barcelona og den nordlige katalonske byen Girona etter folkerøystinga søndag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Like før klokka 01.00 i natt sa talsmannen for dei regionale styremaktene i Catalonia, Jordi Turull, at 90 prosent av veljarane har stemt ja til ein sjølvstendig katalonsk stat. 2,26 millionar skal ha stemt, og det står att å telle 15.000 av dei. Ifølgje Turull har 8 prosent stemt nei.
Les meir om bakgrunnen til folkeavstemminga her.
Søndag var gatene fulle av demonstrantar og folk som ville stemme. Avstemminga opna klokka ni søndags morgon, men allereie i femtida blei det meldt om lange køar utanfor vallokala.
Saka held til under bilete
Spanske myndigheiter erklærte avstemminga for grunnlovsstridig, og det nasjonale spanske politiet brukte pepperspray og skaut gummikuler mot demonstrantane. Iført hjelm og skjold storma dei vallokala og konfiskerte stemmesedlar og valurner. Folk blei dradd ut av vallokala, og ifølgje Barcelonas ordførar skal minst 844 mennesker vere skadd som følgje av opptøyane og politivalden.
Piqué: – Eg er, og føler meg katalansk
Barcelona-spelaren Gerard Piqué var ein av dei som stemte på søndag. Han uttalte etter fotballkampen mot Las Palmas same dag at han var klar for å trekke seg frå den spanske landslaget dersom trenaren ynskjer det, skriv NTB.
– Enten stemmer ein ja, nei eller blankt. Men ein stemmer. Under Franco kunne vi ikkje forsvare ideane våre. Eg er, og føler meg katalansk, og eg er veldig stolt over innbyggjarane og deira oppførsel. Akkurat som eg har vore dei siste sju åra, sa forsvarsspelaren.
Reaksjonar
Folkeavstemminga skapar internasjonale reaksjoner. Europarådets generalsekretær, Thorbjørn Jagland seier han vil gå gjennom metodane til spanske politiet under kaoset søndagen. Børge Brende har ikkje kommentert saka, men delte statssekretær Marit Berger Røslands twittermelding søndag kveld.
Statssekretær @MaritRsla: Bekymret for voldsbruken vi har sett i #Catalonia i dag og for en ytterlige eskalering av situasjonen
— Utenriksdepartementet (@Utenriksdept) October 1, 2017
Den belgiske statsministaren Charles Michel, den britiske Labour-leiaren Jeremy Corbyn og Skottlands førsteministar Nicola Sturgeon er også nokon av dei som fordømmar bruken av vald.
Kva skjer no?
Spania-ekspert og instituttleiar ved Universitetet i Tromsø, Marcus Buck trur avstemminga og opptøyene vil på sikt skape endringar i Spania, men vil ikkje eskalere til revolusjonerande forandringar. Før det forventar han ein krangel om kva som faktisk har skjedd, seier han til VG.
Buck meiner at spanske myndigheiter til prøve å rettferdgjere bruken av makt ved poengtere at dei katalanske styresmaktane braut lova, mens dei katalanske leiarane vil seie at Madrid oppførar seg som den tidlegare diktatoren Franco.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Ungdom i Catalonia føler seg meir katalanske enn spanske.
Gibraltar very concerned by violence in Catalonia, chief minister says https://t.co/6LPqUazvCn pic.twitter.com/JHdVlr1LkU
— Reuters (@Reuters) October 1, 2017
Fakta: Catalonia
- 7,6 millionar innbyggjarar.
- Barcelona er den største byen.
- Arealet er på 35 000 km2, noko mindre enn Nordland fylke.
- Katalansk er offisielt språk, og brukt av kring halvparten av befolkninga.