Noreg innfører fri roaming samtidig med EU

No blir det forbode å krevje ekstra betalt for mobilbruk i andre europeiske land. Dei nye reglane trer i kraft torsdag.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei gladnyheit for norske forbrukarar, seier forbrukarminister Solveig Horne (Frp).

Det er eit nytt EU-regelverk som sørgjer for fri roaming også for norske mobilkundar.

Reglane vart tatt inn i EØS-avtalen tysdag. Dermed trengst berre ei forskriftsendring for at dei skal bli gjeldande Noreg. Denne endringa vil tre i kraft torsdag 15. juni, nøyaktig same dato som dei nye reglane trer i kraft i EU.

LES OGSÅ: Facebook og Youtube trekkjer mest mobiltrafikk

Eksplosiv vekst i bruken

I praksis har norske mobilselskap allereie tilpassa seg det nye regelverket.

– Vi la inn dette i abonnementa våre i fjor. Det vi har sett, er at kundane synest det er veldig OK. Dei er blitt vande til å ha informasjon tilgjengeleg overalt og til å kunne orientere seg. Det har du no fått høve til også når du reiser. Du kan bruke mobilen som heime, seier mobilsjef Bjørn Ivar Moen i Telenor.

Han fortel at Telenor har sett ein formidabel vekst i bruken av mobildata utanlands dei siste åra. Berre frå februar i fjor til februar i år var veksten på 900 prosent.

– Det viser at kundane vil ha det, og at dei set stor pris på å ha fått det, seier Moen til NTB.

Mindre stress

Konsekvensen av det nye regelverket er at mobilselskap ikkje kan ta ekstra betalt når du ringjer eller brukar mobildata i EU og EØS. I staden må selskapa ta kostnaden sjølv.

– Den nye ordninga betyr at vi i utgangspunktet ikkje treng å bekymre oss for dyre mobilrekningar etter feriar og arbeidsreiser til dei aktuelle landa, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

– Det gir ein enklare kvardag for nordmenn på ferie, supplerer Horne.

I tillegg slepp du å stresse med nytt abonnement dersom du skal studere eller arbeide i eit EU-land. Så lenge opphaldet er mellombels, kan du bruke det norske abonnementet.

Prestisjeprosjekt

Fri roaming har vore eit prestisjeprosjekt for EUs leiarar, som har følt eit sterkt behov for å bevise at EUs politikk også kjem vanlege folk til gode.

EU-kommisjonen varsla allereie i fjor at den ville ta knekken på dei såkalla roamingavgiftene.

Men då sjølve lovforslaget vart lagt fram i september i fjor, var det lagt inn ein grense på 90 dagar for fri roaming. Det utløyste eit så kraftig raseri at EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker bestemte seg for å trekke forslaget tilbake og skrive det om.

I regelverket som no trer i kraft i EU og EØS, er tidsavgrensinga fjerna.

Dyrare abonnement

Medaljen har likevel ei bakside. Nokre selskap har nemleg auka abonnementsprisane for å vege opp for at dei ikkje lenger kan ta seg ekstra betalt for bruk i utlandet.

– Vi gjorde ei endring i portefølja vår då vi innførte det i fjor. Og så gjorde vi nokre mindre endringar i ein del gamle abonnementa no i år, seier Moen i Telenor.

Han trur likevel at rekneskapen vil gå i pluss for dei fleste.

– Det kjem an på bruken din. Men stort sett vil det lønne seg for deg så snart du er ein tur utanfor Noregs grenser, seier Moen.

FÅ OGSÅ MED DEG: Slik blir du mindre avhengig av mobilen