Han gav menneskeslekta herpes

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå ABC Nyheter

Og nei, syndebukken var korkje Beatrice eller Karsten du møtte på danskebåten eller Roskildefestivalen. Syndebukken var ein menneskeape som spiste sjimpansar for to millionar år sidan, skriv Universitetet i Cambridge i ei pressemelding.

Paranthropus boisei, tidligere kjend som Zinjanthropus, var ein menneskeape i det noverande Tanzania som gjekk på to bein, hadde ein liten hjerne og eit flatt andlet.

Tett kontakt

Truleg fekk Paranthropus boisei herpesviruset etter å ha ete kjøt frå smitta sjimpansar. Deretter har arten smitta vår stamfar, Homo erectus, gjennom tett kontakt omkring vasskjelder lik Lake Turkana i Kenya.

Det gav herpesviruset HSV-2 rik høve til å hoppe frå ei art til ei anna, til dømes gjennom inntak av føde eller gjennom paring – moglegvis begge deler, meiner forskarane.

– Herpes smittar alt frå menneske til korallar, og kvar art har sine eigne, spesifikke utgåver av viruset. For at viruset skal kunne hoppe over artsbarrierane treng dei ein heldig genetisk mutasjon i tillegg til utveksling av væske, seier hovudforfattaren bak studien Charlotte Houldcroft, virolog ved Universitetet i Cambridge.

Gjev blemmer og sår

Herpes er eit virus som forårsakar blemmer og sår på lepper og i underlivet. Det er ofte  kronisk og kan difor kome tilbake mange gonger. To typar av viruset er identifisert; HSV-1 og HSV-2. HSV-1 er vanlegast ved munnsår. HSV-2 er vanlegast ved genital herpes, men genital infeksjon med HSV-1 sjåast i aukande grad.

Les også: Har du herpes, eller er du berre glad for å sjå meg?

I Noreg rekner ein med at omtrent 30 prosent av alle 30-åringar er smitta med HSV-2 og meir enn 80 prosent er smitta av HSV-1.

Førekomsten av herpes aukar årleg både i Noreg og på verdsbasis, og er i dag ein av dei vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonane i den industrialiserte verda.