1 av 20 mellom 18 og 25 er smitta med klamydia, og 70 prosent av verdsbefolkninga har HPV. Her er guiden til sunn underlivshelse.

Tora Olsen, Dusken.no
Tora Olsen, Dusken.no

Representantar for Medisinernes seksualopplysning stod på stripa på Gløshaugen (Ii Trondheim, red.anm.) og testa studentar for klamydia og mycoplasma på klamydiadagen 10. februar. Dei kunne mellom anna fortelje at klamydia er langt meir vanleg hjå dei som er frå 18 til 25 år enn hjå alle andre. Slik unngår du å bli ein av dei.

LES OGSÅ: Samlar seg bak SUSS-telefonen

Kva kan eg få?

Klamydia og mycoplasma genitalium:
Smitte: Gjennom kontakt mellom slimhinner, vaginalt og analt. Kondom vernar mot smitte. Oralvarianten er sjeldan.

Symptom: Sjeldan. Nokre får utflod, svie eller kløe i underlivet, og for kvinner kan blødningar oppstå. Ubehandla kan begge sjukdomane føre til sterilitet hos kvinner.

Test: Normalt 14 dagar etter samlege ved urin- eller vaginalprøve, samt i nokre tilfelle hals-, endetarm- eller augeprøve. Mycoplasma er ofte ikkje del av rutinetestinga, så hugs å spørje om det!

Gonoré
Smitte: Kontakt mellom slimhinner, vaginalt og analt, og ved oralsex. Kondom vernar mot smitte.

Symptom: Utflod, urinvegsinfeksjon og smerter i smitteområdet. Berre omlag halvparten av kvinner og nesten alle menn opplever symptomer ved smitte.

Test: Urin- eller vaginalprøve, samt i nokre tilfelle hals-, endetarm- eller augeprøve.

LES OGSÅ: Kjærleik er ikkje berre lettare på nett

Syfilis
Smitte: Ved seksuell kontakt, og kan i enkelte sjeldne tilfelle smitte ved kyssing. Kondom vernar mot smitte, og er viktig også ved oralsex.

Symptom: Sjukdomen går gjennom tre stadium:

– Sår på smittestaden.

– Generelle symptom som slapphet, feber, utslett eller håravfall.

– Den kjende versjonen, som blant anna kan angripe nervesystemet og gjere deg gal.

Test: Syfilis blir testa med blodprøve, men det kan ta opp til ti veker før sjukdomen kan påvises.

HPV – Humant pappilomavirus
Smitte: Ved seksuell kontakt, kontakt med slimhinner eller hudkontakt med underlivet. Den mest utbreidde av alle kjønnsjukdomane. Kondom vernar ikkje mot smitte.

Symptom: Famnar eit breidt spektrum av virus, alt fører til alt frå kjønnsvorter til livmorhalskreft.

Test: I regelen testar ein berre for HPV når ein har mistanke om livmorhalskreft.

LES OGSÅ: Facebook-aksjon for SUSS-telefonen

Hiv – humant immunsviktvirus
Smitte: Ved seksuell eller blodkontakt. Kondom vernar mot smitte.

Symptom: Gir i etter smitte influensaliknande symptom som varar opp til tre veker før ein blir symptomfri.

Hiv bryt ned immunforsvaret og er dødeleg utan behandling som bremsar sjukdomsforløpet.

Test: Blir diagnostisert med ei blodprøve, men det kan ta opp til seks måndar frå smitte til den kan bli påvist.

Herpes
Smitte: Størst smittefare ved utbrot, då viruset blir overført mellom sårvæske og slimhinner eller hud. Kondom vernar berre området han dekkar.

Symptom: Blemmer og sår på kjønnsorgan

Test: Diagnostisering ved inspeksjon under utbrot og/eller penselprøve av såret.

Hepatitt B
Smitte: Ved seksuell eller blodkontakt.

Symptom: Virus som gir leverbetennelsen hepatitt. Symptom som trettheit, kvalme, nedsett matlyst, muskel- og leddsmerter, feber eller trykk i magen under høgre ribbein. Gulsott ved framskriden sjukdom.

Test: Kan påvisast ved blodprøve.

LES OGSÅ: Angrepille vert brukt som prevensjon

Kvar kan eg teste meg?

Er du engsteleg for klamydia og mycoplasma, er Gløshaugen legesenter særs enkelt å ta i bruk. Kvar onsdag mellom 16.00 og 19.00 har dei gratis testing. Du kan undersøke deg og få samtale med lege, men dei tek ikkje blodprøvar for å teste for hiv eller syfilis. Møt opp før 18.30, og rekne med venting. Dette er eit populært tilbod, så for enkelte kan dette bli litt vel sosialt.

For dei som vil teste seg for fleire sjukdomar, er venerisk poliklinikk ved St. Olavs eit godt val. Ein kjapp telefonsamtale og timebestilling, så har du time hjå sjukepleiar, gjerne innan dei to neste vekene. Om nødvendig får du time hjå lege. Både testane og timen er gratis, og personalet har mykje kompetanse om du er uroleg eller lurer på noko.

Red.anm: Dette er ei oversikt over tilboda i Trondheim. For resten av landet skal Helsestasjon for ungdom vera tilgjengeleg.

LES OGSÅ: Sex har aldri sett slik ut

Før du får teste deg, må du fylle ut eit spørjeskjema om seksualvanar. Dette er både for å finne ut om det er lett å spore den eventuelle smitta, og fordi enkelte virus som hiv ikkje er detekterbare før det har gått nokre veker.

Også fastlegar og gynekologar utfører testing for kjønnssjukdommar. Klamydia, gonoré, dei ulike hepatitt-virusa, hiv og syfilis er nemleg definert som allmennfarlige smittsame sjukdommar. Behandlinga er derfor gratis. Då får du òg dekt eigenandelen. Om du brukar ein lege som ikkje har fastlegeavtale med kommunen, eller private legevakter, må du betale sjølv.

– Kva om eg testar positivt?

Om du har testa positivt, vil den aktuelle legen eller sjukepleiaren ringe deg. Ved fleire institusjonar er det vanleg at du kan ringe prøvesvartelefonen, og då får du óg vite om prøvene er negative.

Gonoŕé, syfilis, mycoplasma og klamydia blir behandla med ein antibiotikakur. Smittevernlova dekkar alle unntatt mycoplasma, og behandlinga er gratis. Ved alle sjukdomane må ein, ikkje overraskande, avstå fra sex til ein er frisk.

Virusinfeksjonar er det ofte verre med. Ved herpes kan ein få smertelindring og medisinar som minkar risikoen for smitteoverføring. HPV og hepatitt B taklar kroppen i dei fleste tilfella sjølv, og ein gjev berre symptombehandling. Jenter kan vaksinerast mot HPV for å minske risikoen for livmorhalskreft, og hepatitt B er ei vanleg vaksine å ved ulike utenlandsreiser. Då det er større smittefare for homofile menn, har dei rett på gratis vaksine.

– Kva må du seie til gamle flammar?

Det varierer om det er deg selv eller helsepersonell som tek kontakt med eventuelle partnarar som kan vere smitta. Om du har lyst å vere anonym, er eit godt råd å spørje legen som skriv ut resept.

Ved venerisk poliklinikk kan helsesekretærane sende brev, som er heilt anonymt, mens ved Gløshaugen legesenter må ein ta kontakt sjølve. Får du sjukdomane som kjem under smittevernlova (sjå over), er smitteoppsporing lovpålagt og ein kan ikkje nekte å gje opplysingar om seksualpartnarar.

LES OGSÅ: Ungdomhelse er meir enn kondom

Artikkelen var først hos Under Dusken

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE