Har du herpes, eller er du berre glad for å sjå meg?

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Internett er staden me leiter etter kunnskap, stort sett uansett kva me lurar på. Google-poesi har vorte ein eigen litterær sjanger, som du kan nyte på norsk, engelsk og heilt sikkert andre språk, men dei les ikkje eg.

Det store spørsmålet er kven som stiller dei mest poetiske spørsmåla av nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar. Det er i alle fall sikkert at dei har ulike ting å fortelje internett om:

Neste år håpar eg kortfilmen om hen som aldri har sett elg, kanskje ser ein eller kanskje ikkje, byrjar å grina og heilt til slutt finn ut at hen har fått herpes.

Medan bokmålsbrukarane leiter etter dei beste sjekkemetodane, dei beste stadane å strøyme filmar, og kanskje dei beste måtane å kome i godt humør på, slår nynorskingane til med litt hardare lut. Drikking, homofobi og handdesinfeksjon.

Uansett om heimen er Bergen, Hardanger eller Jæren, så er det ingen tvil om at det er best der, og greitt å kome seg heimatt. Uheldigvis for no optimistiske kommunetilsette i Hardanger, er det nok Lothepus som er årsken. Bergen og Jæren har sine songar folk søkjer etter.

Bokmålingane vil vite korleis Tinder verkar, dei vil ha noko betre enn Tinder, og dei har fått herpes. Det var ikkje ei veldig lystig utvikling på den historia, men slik er livet. Ein lærer så lenge ein googlar. Og så er det truleg ei artig historie der ein stad.

Ja, kvifor har ikkje havet peparsmak? Kvifor er nokre land fattige? Kvifor er vatn viktig? Det er søren meg ikkje godt å vite. Men så keisame spørsmål, kan ein nok berre forklare med at begge er like sikre på seg sjølve. For dette er nok leksespørsmål, og ikkje ingridiensar til å lage filmar, slik elgar, herpes, Tinder, substantiv og Karl Johan er.

Kva fortel dette oss om skilnadane på bokmålingar og nynorskingar? Truleg ikkje noko som helst. Men kanskje me kan søkje på internett etter korleis me lagar slim, og gjere det saman. Og, dette burde nynorskbrukarane forstå. Om romdraktene var mørke, ville det jo vore umogleg å sjå dei ute i verdsrommet! Det blir ikkje gode måneselfies på den måten.

Det metodiske problemet med det siste søket, er at der slår ein saman dei som vil finne ut korleis dei blir kvitt bokmålet og dei som vil finn teksten «Korleis kan vi bli kvitt bokmålet?» av Are Kalvø.