Tore Renberg: – Heia Vestlandet, heia nynorsken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jon Fosse har gjort det. Og stadig fleire andre. No har også den bestseljande forfattaren Tore Renberg kasta seg inn i debatten om ny region på Vestlandet.

I eit kort og fyndig høyringssvar skriv han dette:

«Godfolk!
Eg ser det stundar mot ei avgjerd i saka som handlar om Vestlandsidentiteten vår. Eg er overtydd om at det er ein glimrande idé å slå dei tre fylkane Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane saman til ein rakrygga Vestlandsregion. Det vil styrka sjølvkjensla vår, det vil gjera oss slagferdige. At dette vidtfemnande kystfylket – som eg tenker må heite «Vestlandet» – skal ha nynorsk som administrasjonsmål, er klart. Nynorsken er klangen vår, det er tonen vår, og gjennom tonen din finn du songen din, og gjennom songen din er du deg sjølv på jorda.»

LES OGSÅ: Brenn for folkeavstemming om Vestlandsregion

Siste frist
Noregs Mållag er svært kritisk til at det i intensjonsavtalen mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje blir slått fast at ein eventuell ny vestlandsregion skal ha nynorsk som administrasjonsmål og krevja nynorsk i skriv frå statsorgan.

Så langt er det kome inn 219 høyringssvar, ifølgje Mållaget. Berre i Sogn og Fjordane har det kome 106 svar, 72 av desse om nynorsk.

– No er det viktig at alle som har noko på hjartet om regionreforma skriv inn meininga si til fylkeskommunane. Ein treng ikkje levera lange og akademiske svar. Ein kan gjerne gjera som Jon Fosse og Tore Renberg og uttrykkja kjenslene ein har for Vestlandet og språket, seier Magne Aasbrenn (bildet), leiar i Noregs Mållag til Framtida.no.

Han oppmodar særleg alle som lever av språket til å senda inn høyringssvar.

I Sogn og Fjordane er fristen 23. november, i Rogaland 25. november og i Hordaland 30. november.

– Frigjerande å skriva nynorsk
Tidlegare i haust gav Tore Renberg ut boka Du er så lys. Det er første gong han skriv ei bok på nynorsk.

Sjølv sa han dette om å skriva på nynorsk:

– Eg kjem frå ein stad i landet der språket ligg tett opptil nynorsk, sjølv om dei fleste skriv bokmål. Det kjendest ufatteleg frigjerande å gjera dette.

LES OGSÅ: Renberg i nytt lys