Snøkrabbeinvasjon i Barentshavet
Ein ny krabbeart er på veg inn i Barentshavet: Snøkrabba har sidan 1990-talet spreidd seg vestover frå Beringhavet via Sibir-kysten til norske farvatn. Arten er no så talrik at kongekrabbeinvasjonen bleiknar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Snøkrabbeinvasjon
Havforskingsinstituttet har registrert snøkrabbe så langt nord som Kong Karls Land på Svalbard og heilt vest til Hopendjupet, og bestanden veks mykje fortare enn det kongekrabbebestanden har gjort.
Snøkrabba held opphavleg til i Beringhavet og ved austkysten av Canada og vestkysten av Grønland og trivst betre i kalde vassmassar enn kongekrabba. Hannane kan bli opptil to kilo tunge.
Forskarane reknar med at det no er 100– 200 millionar hannkrabber av fangstbar storleik i Barentshavet, det vil seie krabber med ei skjoldbreidd på minst 9,5– 10,0 centimeter. I tillegg kjem hokrabber og småkrabber, som det ikkje blir fiska på.
Havforskingsinstituttet meiner fiskeripotensialet er mykje større enn for kongekrabbe, ettersom mengda snøkrabbe allereie er fleire gonger større enn mengda kongekrabbe. Det siste året har eit norsk fartøy fiska etter snøkrabbe i Smitholet og har tatt rundt 130 tonn til ein førstehandsverdi på cirka 55 millionar kroner.
Dei økologiske konsekvensane av snøkrabbeinvasjonen er meir uviss, men havforskarane reknar med at arten kan få mykje å seie for botnøkologien i Barentshavet. Dei ventar òg at arten held fram med å vekse og spreie seg ut over dei områda han er i dag. (©NPK)