Forskarar åtvarar mot oljeboring på Vikingbanken
Havforskingsinstituttet åtvarar mot å starte oljeboring på Vikingbanken utanfor Øygarden i Hordaland. Miljødirektoratet gav nyleg Statoil grønt lys til å starte boring på det sårbare gytefeltet for tobis.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tobis blir rekna som ein nøkkelart i Nordsjøen, og bestanden har gått kraftig tilbake i norsk sone på 2000-talet. Vikingbanken er stengd for tobisfiske.
– Borelokasjonen som det er søkt om, ligg i eit tobisfelt som er definert som særleg verdifullt og sårbart. Vi meiner at oljeboring her medfører ein risiko for tobisbestanden i dette området. I neste omgang reduserer det sjansane for at vi når forvaltingsmålet om å byggje opp tobisbestanden igjen, seier Henning Wehde i Havforskingsinstituttet.
Eldre tobis ligg nedgraven i sandbotnen heile vinterhalvåret unntatt i ein kort gyteperiode i januar og desember. Utpå våren og sommaren grev òg tobislarvane seg ned i sanden om natta.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Ungdomspanel:Slik kan oljebransjen få eit betre image
Tobis
- Eit samlebegrep for fleire artar innan silfamilien. Havsil er den viktigaste i fiskeriet i Nordsjøen.
- Tobisen i Nordsjøen er delt inn i sju bestandar, og for 2014 anbefalar Det internasjonale havforskingsrådet ingen fangst i fire av områda.
- Tobis er ein viktig næringskjelde for mange sjøfuglar.
Kjelde: Havforskingsinstituttet