Ungdomspanel vil ha unge oljeambassadørar, oljefestival i Oslo og oljenæringa inn i skulebøkene

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungdomspanel: Slik kan oljebransjen få eit betre image

– Me ønskjer å utstyra departementet og næringa med forslag til kva slags bodskap som treff ungdom og korleis dei kan kommunisera betre med unge i dag, seier Safina de Klerk.

Ho har leia eit ungdomspanel med 8 medlemer som før sommaren fekk i oppdrag å finna ut korleis oljenæringa kan nå betre ut til norsk ungdom. I dag overrekte dei rapporten sin til olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).

I rapporten (pdf) skriv panelet mellom anna at «næringen må bli flinkere til å kommunisere de positive ringvirkningene som følger av petroleumsvirksomheten», og at «budskapet om at Norge produserer olje og gass med et lavere klimaavtrykk enn mange andre land er viktig å kommunisere til unge». Dei kjem også med i alt tretten forslag til korleis bransjen kan nå ut til ungdom, mellom anna desse:

  • Fleire «unge ambassadørar» som kan gi oljenæringa eit ansikt.
  • Skulebøkene bør i større grad omtale oljenæringa, særleg i grunnskulen.
  • Oljemuseum eller oljefestival i Oslo for å auka forståinga for oljebransjen austpå.
  • Meir kommunikasjon frå næringa og styresmaktene på video og Snapchat.
  • Vitensentera bør ha utstillingar om olje og gass med undervisningsopplegg for barnehagen og heile skuleløpet.

Ikkje propaganda

Safina de Klerk fortel at ungdomspanelet har vore breidt samansett og tatt imot innspel frå både oljebransjen, miljørørsla, studentar og lærlingar. Foto: Privat

– Det er heilt essensielt å visa at oljenæringa ikkje er ei tilbakelent og gubbete næring, slik det ofte framstår som, seier de Klerk.

– Er det eit problem at unge er for lite positive til oljenæringa?

– Eg ser det som eit problem, mellom anna fordi det går kraftig utover søkjartala til ingeniør- og teknologifag. Det at me ikkje klarer å motivera unge til å ta ei teknologisk utdanning vil kosta Noreg dyrt i framtida, seier de Klerk, som avviser at forslaga deira handlar om å mata unge med propaganda for oljenæringa.

– For meg handlar det ikkje om å gi unge eit mest mogleg positivt bilete av oljebransjen, men om å gi eit faktuelt bilete. Det er vanskeleg å danna seg eit godt bilete av ei næring når det berre er éi side som deltar i debatten. Folk må få nok informasjon frå alle sider til å kunna ta eit informert val.

– Sviktar eigen generasjon

Grøn Ungdom har allereie kritisert opprettinga av ungdomspanelet i fleire lesarinnlegg. Ungdomspartiet vart heller ikkje overtydde då dei fekk sjå rapporten.

– Det panelet forfektar, er berre Høgre og Frp i regjering sin oljepolitikk. Retorikken var attkjenneleg frå Norsk olje og gass. Det er ganske sketchy at regjeringa set ned eit statleg utval som skal ha som mandat å påverke ungdom til å bli einige i regjeringa sin politikk, seier talsperson Ola Eian.

Han meiner panelet ikkje er representativt for kva norske ungdomar meiner, og hevdar at dei ikkje har opptredt politisk og fagleg uavhengig i arbeidet sitt.

Talsperson for Grøn Ungdom, Ola Eian, skuldar ungdomspanelet for å svikta sin eigen generasjon. Foto: Grøn Ungdom

– Dei legg til grunn regjeringa sin oljepolitikk med alle dei vanlege faktafeila, som at norsk olje og gass er bra for miljøet og at norsk olje- og gassproduksjon kjem i staden for produksjon i andre land. Dette har ein ikkje belegg for, seier Eian, og viser mellom anna til ein rapport frå SSB som seier at redusert oljeutvinning i Noreg er effektiv klimapolitikk.

Eian og Grøn Ungdom meiner ei framleis satsing på oljenæringa i dag vil skapa større problem for vår generasjon i framtida.

– Det økonomisk uansvarleg å lura unge til å utdanna seg til jobbar som me veit at me må slutta med. Ein sviktar sin eigen generasjon når ein jobbar for dette, seier han.

– Omstilling tar tid

Kritikken frå Grøn Ungdom bit ikkje på de Klerk.

– Me har ikkje fått diktert kva me skulle seia frå regjeringa eller statsråden. Me har brukt mange timar på å diskutera, og me har mellom anna lagt til grunn rapportar frå både WWF og frå det internasjonale energibyrået. Me har heller ikkje blitt sett ned til å diskutera klimapolitikk, men å diskutera kommunikasjon, understrekar leiaren for ungdomspanelet.

de Klerk går med på at oljeproduksjon skapar klimagassutslepp, men meiner at me kan bidra til større klimakutt ved å erstatta kol i andre land enn ved å redusera vår eigen produksjon.

– Kutt i produksjonen vil kunna bli møtt med auka produksjon i andre land. Me er ikkje såpass langt framme i dag at me klarer å erstatta det med rein fornybar energi. Me kjem til å måtta omstilla oss, ingen tvil om det, men per dags dato er ikkje alternativa gode nok. Dette er ein prosess som tar tid.

– Grøn Ungdom meiner det er uansvarleg å utdanna folk til jobbar me må slutta med?

– Dei utdannar seg ikkje til jobbar i olje- og gassnæringa, dei utdannar seg til jobbar innan teknologi og ingeniørfag. Ein subsea-ingeniør kan jobba med havvind, ein geolog kan jobba med å utbetra vegnett og tognett. Det blir for snevert og korttenkt å sjå dette berre som petroleumsfag.