Har pussa opp «Tre nøtter til Askepott»

Sjå forvandlinga av filmen her!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har pussa opp Askepott

Eitt år har det tatt. To kilometer med filmrullar er digitalisert, og over 125.000 bilderammer er reinsa og pussa. Askepott og prinsen er no klare til å møta det norske publikum i friskare farger og skarpare bilde.

Den digitaliserte og oppussa versjonen av «Tre nøtter til Askepott» har internasjonal nypremiere i Oslo 14. desember. Både regissør og skodespelarar kjem til premieren som er eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket, Det tsjekkiske filmarkivet og Utanriksdepartementet.

Restaureringa og digitaliseringa av filmen «Tre nøtter til Askepott» har kosta over 700.000 kroner eller 80.000 euro og er finansiert av Noreg gjennom EØS-midlane.

Prosjektet er gjennomført i samarbeid mellom Filmarkivet i Praha og Nasjonalbiblioteket i Norge.

Filmen hadde den første internasjonale premieren i Aust-Berlin i 1973. Filmen har blitt vist på NRK kvar julaftan sidan 1975.I

Ifølgje Øyvind Werner Øfsti i NRK så blir filmen vist på tv på julaftan i den nyrestaurerte versjonen.

Kan du ikkje venta på jula? Sjå julekalenderen vår!