Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs historie byrjar på Vestlandet. Helleristingar tyder på at dei første menneska i Noreg vart busette i Rogaland. Dei eldste spora etter folk er funne på Galta ved Rennesøy, og på Viste på Randaberg. Etter at isen trekte seg attende for om lag 10.000 år sidan, reknar  historikarar med at folk flytte til Rogaland frå Nordsjøland – eit landområde mellom England og Danmark som forsvann i havet etter at isen smelta.

I perioden frå år 200 til 550 e.Kr. sat det mektige elitemiljø i bygdene på Vestlandet som gjennom kulturell utveksling med romarar og germanarar tileigna seg både rikdom og krigarar. Denne perioden i eldre jernalder har Håkon Reiersen, arkeolog ved Universitetet i Stavanger,  (bildet) nyleg skrive doktorgrad om.

Håkon Reiersen. Foto: Universitetet i Stavanger

— Den tida eg skriv om – fleire hundreår før vikingtida – fanst det ikkje eit «norsk», nasjonalt område, berre regionar. Eg har forska på større og mindre maktsenter på Vestlandet, særskild rike bygder, som er stader som har hatt ei særleg viktig tyding lokalt og regionalt. Dei elitemiljøa som sat her var menneske som var mektige i si heimbygd og som danna alliansar med andre elitar i andre bygder og andre regionar, fortel Reiersen til Framtida.no.

– Karmøy var viktigast

I denne perioden fanst det mange maktsenter i Vest-Noreg, men også i andre landsdelar. På 200-talet var Avaldsnes på Karmøy det viktigaste maktsenteret i landet. Dei mektige folka som styrde her hadde ikkje berre makt lokalt, men også regionalt.

– Kanskje kan ein så tidleg snakke om «overregional», nesten nasjonal makt.

Historikarar trur at det fram mot vikingtida vert danna regionale territorium der «småkongar» styrte. Harald Hårfagre samla etter kvart ein del av desse områda til eit primært vestnorsk rike.

– Han hadde ikkje éin hovudstad, men reiste mellom fleire av sine kongsgardar og maktsenter i Hordaland og Rogaland. Dette systemet ser ut til å ha halde fram utover i mellomalderen, då heile landet blei eitt rike. Kongane hadde heller ikkje då ein «hovudstad», dei heldt i staden riket samla ved å vitje dei ulike kongsgardane.

Kongesetet flytta

«Det kom eit skip til Bjørgvin i 1349…» er velkjend. Bjørgvin var namnet på Bergen på 1200- og 1300-talet, og Vestlandet nytta kysten til handel med utanlandske skip. Bjørgvin vart danna som by etter at sentraliseringa tok til utover 1100-tallet. Det var likevel ikkje snakk om noko hovudstad, ettersom både Borg (i dag Sarpsborg) og Nidaros (Trondheim) hadde kongeleg og religiøs verdi.

– I mellomalderen var Bergen den største byen i Skandinavia, og økonomisk har det på denne tida vore den viktigaste byen i Noreg. Kyrkjeleg har derimot erkebispesetet Nidaros vore den viktigaste byen i Noreg. Somme historikarar har rekna det som landets «hovudstad». Administrasjonen til kongen har likevel vore spreidd på ulike kongsgardar, særskild i dei største byane.

Sverd i fjell ved Hafrsfjord, Stavanger, står på bakken der slaget om Noreg fann stad i 880-åra. Slaget var avgjerande for Harald Hårfagres samling av Vestlandet og Noreg. Foto: Sten Dueland

Frå 1200-talet vart det etablert ein sentraladministrasjon for riket. Bergen var lenge den viktigaste staden for oppbevaring av dokument. Rundt 1310 blei dei fleste dokumenta utstedt frå Oslo, og kongesetet flytta dit like etter 1299. Sidan 1314 har Oslo av somme vorte definert som hovudstad, etter at Håkon 5. Magnusson avgjorde at prosten ved Mariakyrkja skulle vere rikets kanslar til evig tid.

Eit moderne konsept

I mellomalderen var Bergen den største byen i landet, men det er vanskeleg å snakke om noko hovudstad, slik Oslo er det i dag.

– Viss det er ein by med eit permanent regjeringssete, gir det meining å kalle han hovudstad, slik Roma og Konstantinopel har vore i lang tid. Men Noreg hadde ikkje eit fast regjeringssete i mellomalderen, trass i at Bjørgvin var nærast i å vere det. Nidaros var definitivt kyrkjehovudstad mellom 1100 og 1537, fortel historikar Øystein Rian ved Universitetet i Oslo.

Det vi ser føre oss som ein hovudstad i dag – ein by med ein politisk administrasjon, byråkrati og riksomfattande institusjonar – var i mellomalderen spreidd og med eit reisande kongedømme.

– Etter Svartedauden var det norske riket svekt, og ein hamna under dansk styre. Den viktigaste representanten sat i Oslo, som var nærast København. Det var under dansk styre at Noreg fekk berre ein hovudstad, Oslo. Den verkelege hovudstaden var då likevel København, fortel Reiersen ved Universitetet i Stavanger.

Maktforskyving

Historikar ved Universitetet i Bergen, Geir Atle Ersland, er usamd i tanken om at Vestlandet var ein landsdel med meir aktivitet og makt enn andre, før rikssamlinga.

 Det er diskutabelt kva som var det mektigaste området i vikingtida, i det som seinare blei Noreg. Situasjonen i vikingtida og situasjonen seinare i mellomalderen var ulike. Før rikssamlinga fanst det ikkje eit norsk rike og då er det heller ikkje særleg produktivt å drøfta kva landsdel som var viktigast, meiner han.

Ersland viser til at mange bøker og artiklar påstår at Bergen var hovudstad før Oslo og at den eldste hovudstaden var Trondheim. Dette trur han baserer seg på at vi tenkjer på fortida med notidas briller.

– Men tar vi for oss utviklinga av det norske kongedømet frå slutten av 1200-talet og utover 1300-talet, ser vi ei klar maktforskyving mot aust. Den norske utviklinga mot eit administrativt og politisk sentrum som var avhengig av kvar kongen opphalde seg, vart avbrotne med unionane frå 1300-talet.

Sjå Bergen anno 1350:

LES OGSÅ: Frikjenner rottene for Svartedauen

Geografisk betydning

Den geografiske bakgrunnen for kvifor Oslo til slutt vert hovudstad, kan ha samanheng med nærleiken til København. Vi veit jo også at dialektene og skriftmålet vart fordanska på Austlandet og at nynorsk stod, og framleis står, sterkare på Vestlandet.

– Den norske mellomalderstaten hadde si hovedtyngde i Kyst-Noreg med forgreiningar til øyene i vest. Då Noreg i seinmiddelalderen blei trekt inn i Norden, flytta det politiske tyngdepunktet i søraust retning – med Båhus, Oslo og Tønsberg som dei viktigaste stadane. Dei låg nærme Danmark og Sverige, fortel Øystein Rian.

Akershus festning i Oslo. Foto: Bilge Öner, Aktiv I Oslo.no

I dansketida var Oslo/Kristiania, med Akershus festning, det viktigste senteret for det danske styret av Noreg. Dette er ifølgje Rian årsaka til at Kristiania vert offisiell hovudstad i 1814.

Først mot slutten av 1830-talet gjekk Kristiania forbi Bergen i folketal, noko som hadde sterk samanheng med byens nye status som hovudstad.

— Kristian Fredrik og hans tilhengjarar ville ikkje vere for langt unna Danmark, og han håpa på ei fornying av unionen, som han var tronarving til. Og då det vert union med Sverige, var det praktisk at Kristiania ikkje var langt borte frå Sverige, fortel Rian.

LES OGSÅ: Oslo voks fram på møkk og leire

Moderne maktsenter

Kystlinja er framleis ein stor ressurs for Vest-Noreg. Somme oljebedrifter har plassert hovudkontora sine på vestnorske stadar. Men med unntak av oljebransjen er det få moderne «maktsenter» i form av bedrifter og organisasjonar som utelukkande er lokalisert, eller har hovudkontor, på Vestlandet.

Dei store mediehusa held også til i hovudstaden, samstundes med at bokmålet vinn stadig større terreng. I dag bur halve Noregs befolking på Austlandet.

Ein kan på eit vis seie at makta har flytta austover. Nærleiken til nabolanda er mindre, men desto større er avstanden til fjordane og til Nordsjøen, kjelda til det norske oljefondet.

Den gongen Karmøy var den viktigaste staden i Noreg, er historie. Og trass i at staten stundom forsøker å desentralisere seg sjølv ut av hovudstaden, skal det nok mykje til for at Oslo og Austlandet ein gong vil miste posisjonen sin som hovudsete i Noreg.

Fakta: Vestlandet

  • Vestlandet har 26,1 prosent av folketalet og 18,1 prosent av arealet i fastlands-Noreg
  • Største byar er i dag Bergen, Stavanger, Sandnes, Haugesund og Ålesund
  • Dei første menneska i Noreg busette seg på Vestlandet, med eldste spor i Rogaland
  • Bergen var lenge den største byen i Noreg, til og med i Skandinavia
  • Statsadministrasjonen flytta frå Bergen til Oslo på 1300-talet, men Kristiania vart ikkje offisiell hovudstad før i 1814