Frikjenner rottene for Svartedauden

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kom eit skip til Bergen i 1349. Skipet var lasta med sjukdom – byllepest som spreidde seg raskt og dødeleg. I løpet av eit par år hadde Svartedauden tatt livet av over halvparten av den norske folkesetnaden.

Til no har den svarte rotta, og dei bakterie-berande loppene deira, fått skulda for herjingane. Men no har forskarane Anne Karin Hufthammer ved Universitetet i Bergen og Lars Walløe ved Universitetet i Oslo funne ut at det sanninga truleg er ei anna.

Finn ikkje rotteskjelett
– I Noreg finn me ikkje svarte rotter andre stader enn i hamnebyane. Dette gjev ein sterk indikasjon på at rottene ikkje spreidde pesten i Noreg, seier Hufthammer som er førsteamanuensis ved Universitetsmuseet i Bergen til uib.no.

Forskarane har òg undersøkt korleis utbreiinga av svart rotte var i Baltikum og resten av Skandinavia.

Det er beinrester av rotter frå arkeologiske utgravingar Hufthammer og Walløe har brukt i forskinga si. Årsaka til at han svarte rotta berre var ute ved kysten skuldast truleg at han ikkje fann seg til rette i innlandsklimaet.

Heller ikkje i London er det funne mange bein av svart rotte. Dermed har den britiske forskaren Barney Sloan kome fram til same konklusjon.

LES OGSÅ: Sopp kan ha ført til heksebrenning

Lus
Forskarane veit ikkje sikkert korleis pesten har spreidd seg, men meiner at pesten kan ha blitt spreidd frå menneske til menneske via lus eller loppar som levde på dei. Frå andre studium veit me at det var frykteleg mykje menneskelopper og lus i mellomalderen, seier Hufthammer til uib.no.

Pest-bakterien, Yersinia pestis, kan altså ha infisert menneskeloppene, som så har hoppa frå menneske til menneske. Menneskeloppene kan òg ha blitt frakta innover i landet i klede, mat og anna gods før dei fann seg ein ny vert.

Sjå under korleis Bjørgvin (Bergen) såg ut i 1350, året etter Svartedauden. Legg merke til kor folketom byen er!

Faktaboks

Svartedauden er namnet på pestsjukdommen som herja i Europa i tida frå 1347 til 1351. I tida før hadde sjukdomen herja i Asia.
Svartedauden kom eigentleg til Noreg i 1348. Det var eit lite, isolert utbrot i Oslo, som den gongen var ein utkant.
I 1349 kom pesten med eit handelsskip til Bjørgvin (Bergen), og spreidde seg utover landet. Ein reknar med at pesten førde til at folketalet i Noreg gjekk ned til kring halvdelen.

Les meir på Wikipedia!