Noreg blant dei beste på skulegang til alle
Noreg er blant dei beste i verda på å gi skulegang til alle, syner ny rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er rapporten Education at a Glance (EaG), som er den årlege indikatorrapporten for utdanningssektoren frå OECD, som kjem med opplysningane. Rapporten gjer det mogleg å samanlikne Noreg med andre OECD-land når det gjeld kor mykje vi brukar på skule, kor mange som tek utdanning og kva elevane lærer. Nytt i år er kor langt OECD-landa er på veg for å nå berekraftsmålet til FN om god utdanning til alle.
- LES OGSÅ: Desse utdanningane ser bedriftene etter
Ifølgje rapporten gjer Noreg det betre enn dei andre OECD-landa når det gjeld kva elevane sit igjen med og kor mange som går i barnehage. Noreg utmerker seg også når det gjeld sosial utjamning. EaG 2017 slår vidare fast at språk- og talforståing blant vaksne nordmenn er godt over snittet i OECD.
– Det er godt å få bekrefta at Norge gir god utdanning til alle, uansett bakgrunn, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei sak på heimesidene til Kunnskapsdepartementet.
- FÅ OGSÅ MED DEG: – Noreg må ta ansvar for å utdanne sitt eige legebehov