– Det er noko spesielt med Årdal

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Les saka i Porten!

Randi Neteland er førsteamanuensis på Høgskulen på Vestlandet. For nokre år tilbake besøkte ho Årdal for å forska på korleis tilstrøyminga av folk på jakt etter arbeid i industrien har påverka dialekta.

I motsetnad til stader som Høyanger, Sauda og Tyssedal, har årdølene vore motstandsdyktige. Forskinga vart omtalt av nettstaden forsking.no nyleg.

– På plassar som Sauda er det gjerne riksmål, ein slags overklassedialekt viss ein kan kalla det for det. Det har eg ikkje funne spor av i Årdal. Det er ingen som er fødd og oppvaksen i Årdal som seier jeg til dømes. I den første perioden etter den største tilstrøyminga finn ein folk som er fødd og oppvaksen i bygda, men som høyrest ut som dei ikkje kjem derfrå, seier Neteland til Porten.no.

Nokre endringar

Forskinga hennar stadfestar mykje av det Andreas Bjørkum i si tid dokumenterte då han forska på det same for vel 50 år sidan. Han skreiv om endringane medan dei skjedde og spådde kva som ville skje med dialekta til årdølene.

Mellom anna trudde han at -adn og -edl var noko som ville bli viska ut. Det er også eit faktum at unge som veks opp i Årdal i dag, seier nettopp Årdal, ikkje Aordal.

– Eg har kunna stadfesta mykje av det han trudde ville skje, seier Neteland, som tykkjer det er interessant å gå i spora til ein annan forskar.

LES OGSÅ: Slår alarm for norsk språk

Mange forklaringar

Nokre endringar har det altså vore, men ikkje dei dramatiske som ein finn i Høyanger til dømes. Kvifor var årdalsdialekta så motstandsdyktig? Neteland må innrømme at det var noko ho funderte mest på.

– Det har eg ikkje eit så godt svar på, for å vera ærleg. Det må vera noko spesielt med Årdal.

Ei forklaring, seier ho, kan vera at innflyttarane ikkje kom frå delar av landet der bokmål prega dialekta. At nynorsken står sterkt i regionen, kan også vera ei årsak.

– Det er heller ingen by i nærleiken. Sauda ligg ikkje så langt frå Stavanger. I Sogn er det ingen storby elles i fylket. Bergen er såpass langt unna at det påverkar ikkje.

Du kan lese meir om kva ein industridialekt er i dette blogginnlegget til Neteland.

LES OGSÅ: Skarrar om 50-100 år