– Tyskland må droppe Euroen

Finansmannen George Soros skapte overskrifter denne veka med å foreslå at Tyskland forlèt Eurosona. 

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om Tyskland ikkje er villig til å leie, burde dei andre be Tyskland om å forlate Eurosonen, skriv han i Dagens Næringsliv. Dette vil gjere dei «sjuke» økonomiane i sør heilt bra. 

– Om Tyskland dreg, kunne Fellesmarknaden halde saman og det ville faktisk vere ei valdsam lette, sa Soros til Reuters.

– Euroen vil falle i verdi, slik at gjelda som er denominert i euro òg vil falle i verdi og konkurranseevna til låntakarlanda i høve til Tyskland og dei andre kreditorlanda vil bli betrakteleg betre.

Ein latinsk euro, der medlemmane danna ein fiskal union og difor gå til å innføre euro-obligasjonar, ville vere i stand til å låne til prisar som kan samanliknast med Japan, USA og Storbritannia. Dei ville rangere likt på makroøkonomiske basis om du samanliknar dei på total gjeld og underskot, hevdar han. 

Les òg: Europa pustar letta ut

Soros hevdar at Europa ikkje kunne overleve tapet av ein av sine svakare, sørlege medlemmar, men at det kunne tole tapet av Tyskland, og at eit vellukka EU er viktig for alle ettersom det handlar om meir enn underskot og valutaar og obligasjonar, at Europa òg er ein politisk og moralsk idé – ein som er verd å verne om.

– Eit samla og velståande Europa, vigd til prinsippa om det opne samfunnet, er noko verda treng. Det er viktig å ha eit Europa som er sterkt nok til å projisere påverknaden sin på resten av verda. Ta til dømes den forvandlinga som finn stad i Burma, eller i nokre av dei afrikanske landa, det er ein veldig positiv rolle EU kan spele .

Les òg: Høgare løningar kan redde Europa

Andre kjelder: Wikipedia.