Rift om ny Maria Parr-bok i utlandet
Snart kan lesarar i tretten andre land få lesa «Keeperen og havet».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Stadig fleire land vil ha den nye boka til Maria Parr, Keeperen og havet. Det fortel Sunnmørsposten.
Allereie i sommar kunne forlaget fortelja at Belgia, Frankrike, Italia, Russland, Danmark, Estland, Sverige og Tyskland hadde kjøpt rettane til boka før ho var kommen ut her heime.
No får snart også islandske barn lesa boka. Det same får barn i Polen, Slovenia, Bulgaria og i Storbritannia
Dei same landa som no har kjøpt den nye boka til Maria Parr, har også kjøpt dei to tidlegare bøkene hennar, Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, fortel Sunnmørsposten.