Ny fotballbok om Erling Braut Haaland

Forfattar Ørjan Zazzera Johansen har skrive om fotballspelaren sin oppvekst.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka vart fyrst publisert av systeavissa vår, Framtida Junior.

For to år sidan kom boka Historia om Erling Braut Haaland. Boka blei nominert til både ARKs barnebokpris og Bokslukerprisen. I år kjem forfattar Ørjan med ei ny bok om fotballspelaren. Boka Erling Braut Haaland: frå liten til størst fokuserer på oppveksten til fotballspelaren.

Boka er utgitt på forlaget Samlaget i år.

– Eg prøver å forklare kvifor akkurat han blei så god. Kva eigenskapar har han? Korleis har han trent? Korleis har han tenkt? seier Ørjan i ein e-post til Framtida Junior.

Boka fortel om åra Erling spelte på Bryne og fram til han var 16 år. For å skrive boka har Ørjan intervjua mange av dei gamle lagkameratane til Erling. Det dei har fortalt, bruker han til å skildre fotballspelaren på trening og i kamp.

Erling kan vere eit døme for alle med draumar

I boka blir vi kjent med Erling gjennom augo til ein lagkamerat. Denne lagkameraten er ein forsvarsspelar som prøver å ta ballen frå Erling på trening.

Ørjan spelte mykje fotball då han var liten og drøymde om å bli fotballspelar. Men som attenåring bestemte han seg for å heller bli forfattar.

NY BOK: Forfattar Ørjan Zazzera Johansen har skrive bok om Erling Braut Haaland.

– Då merka eg at eg hadde meir lyst til å sitte på rommet og skrive noveller enn å gå på fotballtrening. Det hadde nok òg litt å gjere med at eg ikkje blei så god i fotball som eg hadde håpt, seier han.

Ørjan håper boka han har skrive, passar for alle, ikkje berre dei som er interesserte i fotball.

– Det er ei barnebok om fotball, men ho handlar òg om kameratskap, lagspel, respekt for kvarandre og å prøve å bli god i noko. Eg trur Erling kan vere eit døme for alle med draumar, ikkje berre dei som speler fotball, seier han.

Kan bli fleire bøker om fotballspelaren

Bestemora til Erling kjøpte den førre boka til Ørjan, og far til Erling veit om bøkene. Men forfattaren aner ikkje om fotballspelaren har lese bøkene han har skrive.

– Kva Erling sjølv veit, det kan eg berre gisse på. Eg reknar vel med at han har sett dei, iallfall. Har han lese dei, håper eg at han ikkje finn faktafeil. Eg er alltid redd for at det er noko eg har gløymt å dobbeltsjekke. Og så synest eg han skal vere litt stolt òg. Tenk at langt over hundre tusen ungar har lese om han! Eg håper han forstår å sette pris på det eg gjer.

Ørjan har skrive to bøker om Erling før. Han synest det er spennande å finne nye måtar å fortelje den same historia på. Den nye boka handlar mykje meir om laget Erling var ein del av i oppveksten.

– Det er ei flott historie om noko viktig, alle fekk vere med uansett talent. Alle fekk spele. Nesten ingen slutta og mange blei veldig gode. Tenk at det går an å ta vare på alle og likevel skape spelarar i verdsklasse!

– Har du planar om fleire Erling Braut Haaland-bøker i framtida?

– No trur eg det må bli nokre år til. Viss ikkje han skyt Noreg til eit meisterskap då. Ja, då må eg finne fram blyantspissaren igjen, seier Ørjan.