Tonje Glimmerdal kan bli spelefilm

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi jobbar for at det skal bli film og har fått støtte frå Norsk filminstitutt i to rundar for å utvikla manus og prosjektet, seier produsent Gudny Hummelvoll til Nynorsk pressekontor.

Fleire utanlandske filmselskap skal vera interessert i å vera med å produsera filmen.

Dersom alt går etter planen er målet å koma i gang med filmen neste år. I så fall reknar Hummelvoll med at Tonje Glimmerdal kan visast på kino i 2019.

Det Norske Teatret har hatt stor suksess med Tonje Glimmerdal som teater. Skodespelar Heidi Ruud Ellingsen hadde hovudrolla i den første oppsetjinga. Her peikar ho på huset til bestevennen Gunvald. Til høgre regissør Ivar Tindberg. (Foto: Margunn Sundfjord / NPK).

Anna Bache-Wiig og Siv Rajendram Eliassen skal skriva manus, medan Cecilie Mosli får ansvar for regien.

Maria Parr seier ho har hatt fine samtalar med regissør Cecilie Mosli og føler at arbeidet er i trygge hender. Sjølv vil ho difor halda seg i bakgrunnen.

LES OGSÅ: Alle barndommar er like viktige

Cecilie Mosli er kjend både som skodespelar og regissør, og har mellom anna regissert tv-seriar som “Mammon” og dramaserien til NRK for ungdom “Hjerterått”. For tida er ho i Los Angeles og regisserer den fjortande sesongen av TV-serien “Grey`s Anatomy”.

LES OGSÅ: Bakom boka: Maria Parr