Slik vil Listhaug premiere kommunar som er gode på integrering

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit rekordlågt tal på flyktningar har ført til at kommunane no konkurrerer om å få busetje dei fordi det gir ekstra midlar og fleire arbeidsplassar. Sylvi Listhaug (Frp) vil påskjønne kommunane som er best på integrering med endå fleire flyktningar.

– Tidlegare har det vore eit problem å få busett folk slik at mange måtte sitje lenge i mottak. No går dette mykje raskare, seier Sylvi Listhaug til Aftenposten.

Listhaug og regjeringa nyttar samtidig det låge talet på asylsøkjarar som kjem til å leggje om busetjingspolitikken.

Rekordmange busette

– No kjem det rekordfå asylsøkjarar til Noreg. Då har vi høve til å styre busetjingspolitikken endå meir og busetje flyktningar i kommunar som er best på integrering, og vi kan fokusere på kommunar som både vil og kan oppnå gode resultat, seier Listhaug.

Ho gir honnør til kommunane for å ha busett rekordmange dei siste åra. I fjor var talet 15.300.

– Det er betre å busetje flyktningane på færre stader, blant anna fordi det då kan bli gitt eit differensiert tilbod. Då er det lettare å gi individuell oppfølging. Det blir heilt feil å setje analfabetar og personar med akademisk bakgrunn i den same klassen for å lære norsk, seier ministeren til avisa.

90.000 fleire i arbeid

Listhaug seier kommunar som har lykkast ofte har ei politisk leiing som er involvert og har dette som ei overordna satsing. Samtidig som det er ein arbeidsmarknad i regionen som kan skaffe jobbar.

Viss yrkesdeltakinga blant innvandrarar hadde vore den same som i resten av befolkninga, så ville 90.000 fleire personar vore sysselsett, forklarer integreringsministeren.

– Det er derfor ekstremt viktig å lykkast med integreringa og slik skape skattebetalarar og få personar til å bli sjølvforsørgde, i staden for å leve av offentlege overføringar, seier Listhaug.