Trur Sylvi Listhaug blir omplassert

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vegen vidare blir ikkje berre enkel for valvinnaren, statsminister Erna Solberg og Høgre. Dei har ikkje lykkast med å nå målet om å fortsette i ytterlegare fire år med eit like sterkt styringsgrunnlag.

– Gleda over å få fortsette som statsminister må ha ein bismak. Fleirtalet ho no går vidare med, er sårbart, skriv politisk redaktør i Aftenposten Trine Eilertsen.

Vidare skriv ho at Venstre og KrF ikkje overlever fire år til med den typen samarbeid dei no har avslutta, og at dei retoriske konfliktane med Frps Sylvi Listhaug har bidratt til å svekkje dei.

– Kanskje hadde det blitt mindre tungt å forsvare regjeringssamarbeidet dersom ein annan statsråd hadde hatt akkurat den jobben.

– Må blidgjera støttepartia

Også nyheitsredaktør i Nettavisen Erik Stephansen trekkjer fram Listhaug-problematikken, og om integreringsministeren må omplasserast for å blidgjere dei to støttepartia utan å skape misnøye blant «grasrota som rett og slett elskar Sylvi Listhaug».

– Det kan bli avgjerande å finne ein ny posisjon – enten i regjeringa eller i partiet – som gir like høg status, men der ho ikkje blir like kontroversiell, meiner han. (©NPK)

LES OGSÅ: Listhaug-ekspert: – Sylvi ville vore Sana i SKAM

LES ALT OM STORTINGSVALET HER!