Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pop-punk-bandet Sløtface får ei travel tid framover. Stavanger-bandet har akkurat kome heim frå Australia, og fram mot jul turnerer dei i Europa med det nye albumet Try Not to Freak Out.

– Vi har jobba med albumet i to år, og lagt mykje tid i produktet. Planen var å skrive den beste plata som var mogleg å skrive, fortel Lasse Lokøy, bassist i Sløtface.

I tillegg til Shea og Lokøy er Halvard Skeie Wiencke og Tor-Arne Vikingstad musikarar i bandet, på høvesvis trommer og gitar. Det nye albumet blei lansert fredag førre veke.

– Kva handlar Try Not to Freak Out om?

– Eg vil seie at det handlar om ulike gradar av angst. Vår generasjon har mykje angst for livsval og det å høyre til ein stad. Mange føler at dei ikkje får ting til, at dei er på feil plass, at dei er redde for å ikkje få fast jobb. Det eksisterer ein slags stabil angst for å ikkje vite kva ein held på med, meiner Shea.

Spelte ved Førdefjorden

Sløtface er kjende for sin politiske aktivisme. I fjor spelte dei konsert for aksjonistane ved Førdefjorden, for å støtte Natur og Ungdom i kampen mot dumping av gruveavfall i fjorden.

– Dumping av gruveslam i fjorden er både ulovleg og skadeleg for naturen. Fleire av våre venner er med i Natur og Ungdom, og vi ønskte å skape merksemd om saka. Difor reiste vi dit for å vise vår støtte, fortel Lokøy.

Resultatet er synleg i musikkvideoen til låten «Sponge State». I videoen ser ein politi som arresterer aksjonistar heilt nede i 15- og 16 årsalderen. Musikkvideoen vart plukka opp av media i utlandet, og har inspirert til andre klima-aksjonar i ettertid.

– Vi ønskte å lage ei scene for ungdom som er lidenskapeleg opptekne av politikk, feminisme og klima. Som band vil vi gjere det vi kan for å skape ein møtestad som kan bidra til at verda blir ein bedre stad. Folk kan bruke det dei har til å utgjere ein forskjell. Vi har musikk, seier Shea.

Kunnskap

– Er ungdom generelt opptekne av politikk?

– Det er nok litt delt. Mange seier at dei skulle ønskje dei levde på 70-talet, så dei kunne protestere. Eg trur det er ein annan type engasjement blant unge i dag enn før. Engasjementet er meir synleg på sosiale medium, og mindre i gatene. Men då Trump blei valt, var det jo ein enorm demonstrasjon, så dei eksisterer framleis, seier Lokøy.

Haley Shea er einig.

– Vi ønskjer å støtte opp om saker som ungdom er opptekne av, og ønskjer oss ei betre verd enn slik ho er i dag. Dagens ungdom har lyst til å endre ting som dei førre generasjonane er meir låste på. I dag er det mykje kunnskap blant ungdom, fordi dei søkjer ting opp på nettet. 12-13-åringar kan vite meir om feminisme enn dei over 40.

Ungdomskultur

Sløtface har spelt saman sidan dei var 15 og 16 år. Bassist Lasse Lokøy skildrar forholdet mellom dei fire som eit søsken-forhold. – Vi har vakse opp saman og lært oss bransjen saman. Det er alltid rom for å spørje kvarandre om ting, seier han.

Sløtface har spelt saman sidan dei var 15 og 16 år. Bassist Lasse Lokøy skildrar forholdet mellom dei fire som eit søskenforhold. – Vi har vakse opp saman og lært oss bransjen saman. Det er alltid rom for å spørje kvarandre om ting, seier han. Foto: Martin Høye

Ho skildrar nokre av tekstane som feministiske manifest. Draumen er eit samfunn der kjønn ikkje skal ta så mange avgjerder og der vi kan vere oss sjølve.

– Vi ønskjer å lage eit miljø i rockeverda der vi kan lære av kvarandre og oppmode til engasjement og aktivisme. Tekstane våre handlar mykje om ungdomskultur. Alle har ulike ting dei slit med. Eg vil at det skal vere greitt å kjenne seg overvelda, det er greitt å ikkje ha det bra alltid. Eg håpar at lyttarane kan kjenne seg att og senke skuldrene litt.

– Er de eit forbilde for ungdom?

– Eg håpar at vi kan vere det. Vi gutane er med på samtalen om feminisme og eg håpar at vi kan inspirere andre, seier Lokøy.

Sensurert av namnet

Sløtface endra bandnamn frå Slutface i 2016. Namnet valde dei for å provosere, men også for å vise at dei ikkje tok seg sjølve så seriøst.

– Etter kvart har vi vakse meir inn i namnet. Folk hugsar det, og det er umogleg å leggje skjul på kva vi meiner med eit slikt namn. Slut kjem frå slutwalk-rørsla, som jobbar for at kvinner har rett til å eige sin seksualitet. I den originale punken frå 70-talet var det mykje feminisme, seier Shea.

Men fordi bandet vert sensurert av algoritmar og fordi e-postane deira hamna i spam-filteret, måtte dei tenke nytt.

Knytt til Noreg

– Det er jo framleis det same namnet, men vi måtte finne ei løysing som gjorde at vi ikkje vert sensurerte på sosiale medium. I tillegg tenkte vi at den nye bokstaven knyter oss meir til Noreg.

Å vise kvar dei kjem frå er aktuelt no når bandet byrjar å bli meir berømte i England, Australia og Tyskland enn dei er her til lands. Men Sløtface har ikkje tenkt å gje slepp på moderlandet av den grunnen.

– Vi har satsa meir på utlandet enn Noreg fordi det er større marknadar for rock. Men draumen er å spele over heile verda. Etter jul skal vi spele inn songar i Noreg og har planar om å turnere innanlands. Men no er vi spente på plateslepp, seier vokalisten.

Sløtface

  • Firemannsband som har vore aktive sidan 2012
  • Bandet kjem frå Stavanger, men har base i Bergen
  • Har gitt ut EP-ane Slutface, Sponge State, We’re Just Ok og Empire Records
  • Bandet gir no ut sitt debutalbum Try Not to Freak Out