Razika trur det er lenge til den stigmatiserande merkelappen jenteband forsvinn. Dei meiner det må fleire kvinner inn i alle delar av musikkbransjen.

– Om ein tenkjer over det så er det jo ekstremt nedverdigande fordi du går eit hakk ned frå band til jenteband. Noko som er veldig nedverdigande for oss som er både flinke og jenter, som tydelegvis er to forskjellige ting, seier Maria Råkil, gitarist og vokalist Bergensbandet Razika.

Heilt sidan dei starta å spele saman i 15-årsalderen har dei fire musikarane vorte omtala som jenteband. Fordi dei tidleg vart sett på som jenteband – framfor berre band – er det i dag viktig å unngå den stigmatiserande ordbruken, forklarar vokalist Marie Amdam.

Kvinnefotball og jenteband
Framtida.no møter Razika på Haugetun folkehøgskole i Østfold, der dei er på plass for å inspirere deltakarane på LOUD – jentenes bandleir. På leiren får deltakarar i alderen 11-17 år moglegheita til å øve seg på alle roller og sider ved det å spele i band – frå det musikalske til rigging og PR-arbeid. Målet er å inspirere unge jenter til å drive med musikk.

Dette er andre året Razika vitjar leiren, som dei meiner er eit flott initiativ for å jamne ut kjønnsforskjellane i bransjen.

Det er for desse jentene Razika har bana veg. Dei har nemleg ikkje vore redde for å snakka opent om mellom anna kroppsfokuset dei har opplevd i bransjen.

Eit slikt press er spesielt for kvinnelege musikarar, men Razika medgjev at det å ha vorte kalla jenteband har hatt både positive og negative sider for dei.

– I byrjinga var me litt sure og tenkte: «Er det nødvendig?». Men me har jo sett at det har hatt positive sider òg. Me har vorte sett på som litt spesielle, men me vert jo litt lei av at det alltid skal trekkjast fram at me er jenteband og jenteorkester, seier bassist Marie Moe.

– Me meiner jo at jenteband er ein label som må vekk, understrekar Råkil, som trur at det er utfordrande sidan det framleis – i 2015 – er såpass spesielt for jenter å spele i band.

Ho samanliknar omgrepet jenteband med kvinnefotball, som slit med nokre av dei same fordommane og trur det er ein veg å gå før dei slepp dei kjønna merkelappane.

Sjølv gav Razika opp fotballkarrieren for å starta band.

LES OGSÅ: Frk. Fryd: – Viktig å ikkje gløyme dei yngre

Mediefokuset
Razika har etter kvart klart å rista av seg tittelen jenteband som følgde dei i starten då dei slo igjennom med debutalbumet «Program 91» og superhiten «Vondt i hjertet».

– Det vert litt urettferdig at ein må opp på eit slags profesjonelt nivå før ein kan erklæra seg tittelen band. Berre kall det band, slik som gutane gjer, seier Marie Amdam, som skuldar på dårleg musikkjournalistikk når kjønnet kjem framfor musikken.

For det er ikkje uvanleg at Razika vert samanlikna med musikarar dei har lite til felles med, anna at dei er kvinner.

Og sjølv om det kan skuldast på dårleg kunnskap vert jentene lei av å svara på spørsmål som: «Korleis er det å vere jente og spele i jenteband?»

Dei tvilar på om Honningbarna, som dei har turnert ein del saman med, må svara på like mange spørsmål om dei kranglar.

– Det er mykje media som har skulda. Det er dei som heile tida gjer det til ei stor greie med jentebandet Frk. Fryd eller Razika, seier Råkil, som oppmodar media til å tenkje over korleis dei framstiller artistane.

Musikkjournalist Trine Sollie er einig i at det trengs fleire kvinner i musikkbransjen og meiner kvotering må til. Foto: Privat

Balansekunsten
Nettopp dette problemet vil prosjektet Balansekunst setje fokus på og har difor utarbeidd ei hugseliste for journalistar.

«Kjenner du ein trong til å kategorisera artistar som jenteband, ballerock, eller kvinneleg musikar, prøv å bytte ut kjønn med hudfarge. Ser det rart ut, er det rart,» er andre tips på lista.

Lista er utarbeidd av mellom andre musikkjournalist i P3 Trine Sollie, som er svært engasjert i likestilling i musikkbransjen

– Det handlar om bevisstgjering i alle ledd. Om språket vårt og korleis me omtalar kvinnelege musikarar. Det er ein tendens til at når det er kvinnner som lagar musikken vert det understreka med ord som kvinneleg musikar, jenteband, pop-prinsesse, eller andre karakteristikkar som ikkje har noko med musikken å gjere. Det beste eksempelet er jenteband, som er heilt irrelevant og ikkje fortel meg meir enn at det er jenter som speler.

Dette meinar Sollie gjev dårlegare musikkjournalistikk og tipsar om å bytte ut kjønn med hudfarge eller etnisitet, for å sjå kor rart det ser ut.

– Det er viktig å ikkje vere redd for å ta den masete rolla, dersom ein kjenner seg dårleg behandla, som dette jo handlar om, seier Sollie, som sjølv har teke på seg noko av jobben med å masa om likestilling i musikken.

–  Kor lenge er det til me er ferdige med omgrepet jenteband?

– Eg håpar det ikkje er så lenge til, og heldigvis ser eg at det vert brukt mindre og mindre.

– Korleis kan ein oppmuntre kvinnelege musikarar, utan å heile tida påpeike at dei er nettopp det?

– Ein kan omtale musikken dei lagar utan å omtale kjønnet bak dei som lagar musikken. Ein kan sleppe dei til og gje plass og fokusere på det dei gjer og ikkje kven dei er.

LES OGSÅ: – Aktørane sitt soleklare ansvar

Festivalfella
I august spelar Razika mellom anna på Øya-festivalen, der dei dreg opp prosentdelen kvinner på scena.

Også LOUD-artistane Fay Wildhagen, Siri Nilsen og Slutface vert å sjå på Øya i år.

Slutface-frontfigur Haley Shea er blant dei som jobbar frivillig på årets leir, medan stjerneskotet Fay Wildhagen var bandleiar i fjor.

At kvinner er for dårleg representert på norske festivalar er eit mantra som vert gjenteken årleg. Både musikkjournalist Sollie og musikar Amdam meiner at det kanskje må litt kvotering til på vegen.

– Det er så mange menn som sit i booking-posisjonar og dei køyrar ofte veldig «safe». Det kan òg vere litt Guteklubben Grei-ting som avgjer, så kanskje kvotering er greitt sjølv om det ikkje skal gå på nivå. Eg trur ein del rockefestivalar heller veljer eit band med gutar i enn oss, fordi det er meir «safe» og dei veit at då får dei maskulin rock, sjølv om eg veit me kan gjere det like bra, seier Amdam.

LES OGSÅ: Speledame blant spelemenn

Spemellannsdilemmaet
Razika meiner at dei store norske kvinnelege artistane som Emilie Nicolas og Susanne Sundfør får den merksemda dei fortener, men at det er mange andre gode som ikkje kjem opp og fram.

I 2011 vakte Susanne Sundfør merksemd då ho protest mot kategoriane baste mannlege- og kvinnelege artist takka nei til sin Spellemannsnominasjon. Råkil støttar det dette synet, som òg vart teken til følgje av Spellemannsprisen.

I 2013 var kategoriane borte, og i 2014 vart kategorien beste popsolist lansert.

Monica Heldahl var første vinnar av den nye prisen, medan Emilie Nicolas stakk av med sigeren i år.

Som jurymedlemmer i Spellemannsprisen i fjor har Razika eit godt innblikk i kjønnsbalansen i dei innsendte bidraga.

– Åtti prosent av dei som var påmeldte til Spellemann var jo menn, skyt Embla Karidotter inn.

Ho meiner kategoriane beste mannlege- og kvinnelege artist hadde noko føre seg for å sikra at ein får fram dei gode kvinnestemmene – igjen som ei slags kvotering.

– Det handlar om å få jenter inn i alle kanalar. Det er det som vil forandre det frå innsida, at folk ikkje får heilt bakoversveis om dei ser ein kvinneleg teknikar – for det er jo slik det er no, påpeikar Amdam.

LES OGSÅ: – Gi meg éin mann som kan konkurrera med melismene mine

Gubbehaldningar
Sjølv om Razika kan verte lei av mediefokuset på deira «kamp som jenteband», så har dei måtte vere tøffe i møte med mellom anna scenefolk som trur at jenter ikkje får på ein forsterkar.

– Det er mange inngrodde haldningar, spesielt i generasjonane over oss. Tanken er at jentene er i publikum og gutane er på scena. Det verkar som ein del eldre menn syns det er vanskeleg å godta at fire jenter kanskje er betre enn hans gubbeband, seier Råkil.

Håpet for Razika er at alle framtidas musikarar vert behandla etter kor flinke dei er og at det ikkje skal vere noko skilje mellom jenteband og andre band.

Oppdatert: onsdag 9. august 2017 17.25

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE