Feministisk konsertbølge

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 30.08.2017 08:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hiphop handlar jo om historieforteljing. Me ønskjer at kvinnelege og kjønnsnormbrytande artistars historiar også skal bli høyrt. Det blir jo ein ekstremt skeiv framstilling viss berre menn får fortelja, fortel direktør på Chateau Neuf, Marte Gravem Isaksen.

ULYDIG er eit samarbeid mellom Det Norske Studentersamfund, Konsertforeningen Betong og Feministisk Forum. Dei vil framme mangfald på scena. Fire konserter er satt opp i haust, og prosjektet skal fortsette til neste år.

Direktør på Chateau Neuf, Marte Gravem Isaksen.

Direktør på Chateau Neuf, Marte Gravem Isaksen vil ha fleire kvinner i hiphop-sjangaren. Foto: Trygve Bernhardt Moen Haaland

– I Noreg toppar jentene pop-listene. No er det på tide at dei også får plass i hiphop-verda. Det vil me bidra med, seier Isaksen.

Ho trur at musikkbransjen er under endring og går mot ein mindre sexistisk retning. Men det trengs nokon som kan bryte veg. Chateau Neuf-direktøren peiker ut den nordnorske rap-duoen Kuuk og svenske Silvana Imam som nokon av dei som står i bresjen.

– I fjor kom også P3s Christine Dancke ut med den feministiske hymnen «Attitudeproblem», og på årets Øya-festival stod Lars Vaular ikledd kjole og sang «Ventet på deg» saman med den kvinnelege Bergens-rapparen Myra, seier Isaksen engasjert.

Nødvendig ekskludering

Leiar i Feministisk Forum, Sara Vienna trekkjer også fram «Attitudeproblem» som eit prakteksemplar på kvinneleg hiphop. Men ho synest ikkje at låtane nødvendigvis må ha eit feministisk budskap.

– Om ein likar å pule og ta drugs så er det heilt greit å berre rappe om det også. Men eg synest det er dritkult når kvinnelege artistar er feministiske i låtane sine, seier Vienna.

Ho fortel at dei også har prøvd å få tak i ikkje-CIS artistar (det motsette av transkjønn; å identifisera seg med sitt biologiske kjønn, journ.anm) til ULYDIG-scena, men at det er det få av. Det er heller ingen menn på ULYDIGs settliste.

– Er det ikkje litt paradoks å ha ein festival med berre kvinnelege artistar når målet er å fremme mangfald? 

Leiar i Feministisk Forum, Sara Vienna Herland.

Leiar i Feministisk Forum, Sara Vienna, meiner det er nødvendig å ekskludere menn frå ULYDIG. Foto: Privat

– Eg synest det var nødvendig å ekskludere menn. Mannlege hiphop-artistar får allereie mykje scenetid, svarer Vienna.

Manglande rollemodeller

Ane Kiran er dagleg leiar i AKKS, ein idealistisk musikkorganisasjon som blant anna jobbar for betre kjønnsbalanse i alle ledd av musikkbransjen. Ho fortel at mannlege artistar tener meir enn kvinner. Det heng mykje samen med at det hovudsakleg er mannlege musikarar som får oppdrag. Viss det ikkje blir større fokus på kvinner i musikkbransjen, vil lønsskilnadane berre fortsette.

– I tillegg kan me jo ikkje skal gå glipp av halvparten av talenta som finst der ute. Alle må få lov til å gjere det dei vil. Ei jente på 9 år som vil spille trommer ender kanskje heller opp med piano eller fløyte fordi ho ikkje har kultur eller rollemodeller rundt seg som oppmuntrar henne til det, seier Kiran.

Vil gjere det trygt for kvinner

Til helga skal også Konsertforeiningas Femme Brutal arrangere feministiske konserter under deira punk-, rock- og electronica festival. Sjølv om dei ønskjer ei overvekt av kvinnelege artistar, får også menn stå på scena.

– Felles for artistane er at haldningane må vere feministiske, fortel Tine Hvidsten i Konsertforeininga.

Men Femme Brutal jobbar ikkje berre med å fronte kvinnelege artistar og feministiske haldningar. Hvidsten starta Femme Brutal fordi ho opplevde voldsomme tilstander blant publikumet på punkkonserter. Ho ville skape eit trygt rom for kvinnelege konsertgjengarar.

– Det kan vere voldsomt for ei 1,60 meter høg kvinne å stå blant eit mannleg publikum som hoppar og beveger seg mykje. I tillegg veit me at nokon menn nyttar seg av at publikum står tett til å antaste kvinner, seier Hvidsten.

Antasting er også eit utbredt problem på konserter i Sverige. Etter at fleire kvinner meldte inn overgrep på festivalar starta svenske Emma Knyckare eit initiativ om å starta ein festival utan menn.

På fredag stoppa vokalisten i metal-bandet Architect sin konsert i Nederland då han såg ein mann antaste ei kvinne i publikumet.

Sjå Christine Dancke, Julie Bergan. Silvana Imam, Bendik, Izabell og Stella Mwangis feministiske musikkoppgjer her:

https://youtu.be/03-8exSu6jg