Raudgrønt og MDG vann med 10.000 stemmer

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var tysdag formiddag framleis mange førehandsstemmer att å telje i stortingsvalet. Manglande postombering på laurdagar gjer at fristen for innsending er sett til klokka 17 tysdag.

Men då 95,1 prosent av stemmene var talde, viste tala at dei fire raudgrøne partia har fått 1.327.724 stemmer. Legg vi til MDGs drygt 91.000 stemmer, blir talet 1.419.206. Mot dette står dei fire borgarlege partia med 1.408.687 stemmer – ein differanse på 10.519 stemmer.

Men den norske valordninga er ikkje matematisk rettferdig. I det proporsjonale systemet er det bygd inn ei vekting som gjer at ei stemme i folkefattige fylke tel meir enn i folkerike område. Og så var det denne sperregrensa på 4 prosent.

Anders Todal Jenssen

Anders Todal Jenssen. Foto: NTNU

– Verknaden av å falle under sperregrensa eller berre klare nokre få eller eitt distriktsmandat er kraftig, seier professor i statsvitskap ved NTNU, Anders Todal Jenssen til NRK.

Dei to små partia Raudt og MDG gjekk prosentvis til dels kraftig fram. Men på grunn av sperregrensa endar dei opp med eitt mandat kvar.

Jensen påpeikar at det også i 2005 og 2009 ikkje vart same vinnar i mandatvalet som i stemmevalet. Ved begge vala fekk dei borgarlege flest stemmer, mens dei raudgrøne vann – og seinare beheldt – regjeringsmakta basert på talet på mandat i Stortinget.

Eit utval fekk tidlegare i år i oppdrag å foreslå ei endring av vallova. Det er 20 år sidan sist lova vart endra, ifølgje NRK.