Dette stemmer muslimske veljarar

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven er muslimane og kva stemmer dei på? Trur alle muslimar på Allah? Nei, meiner professor i Midtausten-studiar, Berit S. Thorbjørnsrud ved Universitetet i Oslo.

– Ein muslim er ein person som er født av muslimske foreldre. Det er å tilhøyre ein kulturkrets der islam dominerar eller har tidlegare dominert. Det betyr at ein nødvendigvis ikkje må ver truande for å vera muslim, forklarar ho.

Professor i Midtausten-studie, Berit S. Thorbjørnsrud.

Professor i Midtausten-studiar, Berit S. Thorbjørnsrud. Foto: Universitetet i Oslo

– Men i Skam sa Josef til Sana at han ikkje var muslim fordi han ikkje trudde på Allah lenger?

– Det har eg aldri høyrt at andre har sagt før, svarer Thorbjørnsrud. – Men så sa jo broren til Sana at Josef var den beste muslimen han kjende utifra verdiane han hadde, legg ho til.

Kven stemmer muslimar på?

I fjor var det 622 024 medlemmar i trus- og livssynsamfunn i Noreg som var utanfor Den Norske Kyrkja og mottok offentleg stønad. 24 prosent av dei var muslimar, som tilsvarar 148 189 personar.

Ved kommunevalet i 2015 var 2,3 prosent av dei med stemmerett medlemmar i muslimske trussamfunn. Heile 82 prosent av dei muslimske veljarane stemte Arbeidarpartiet (Ap), 5 prosent SV og 4 prosent Høgre.

Rapportforfattar Øyvin Kleven trur at landbakgrunn er ein viktigare forklaring for oppslutninga om Ap enn religion blant personar med innvandrarbakgrunn.

Påverker valet

I valkampen har politikarane ofte brukt omgrepet «kristne, norske verdiar», enten dei snakkar om brunost og vaflar eller menneskerettar, demokrati og likestilling. Men ved å definere dette som kristne verdiar blir dei som ikkje identifiserer seg som kristne ekskludert. Her fortel Nora Mehsen, Pamis Ehsas og Linn Nikkerud om korleis det er å bli stempla som «ikkje norsk nok».

– Denne definisjonsdebatten påverkar mitt val av parti eg skal gi min stemme til ved Stortingsvalet, fortel muslim og samfunnsdebattant Nora Mehsen.

Nora Mehsen

Nora Mehsen. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Eg stemmer på eit parti som har eit inkluderande «oss» i sin politikk. Eg vil har eit parti i regjering som byggjer bruar mellom folk, ikkje murar, seier Mehsen.

Linn Nikkerud er også muslim og er einig med Mehsen.

– Eg vil stemme på eit parti som representerer mangfaldet, ikkje berre med ord men med handling. Eit parti som ikkje har ein frammandgjerande retorikk, seier Nikkerud.

For Pamir Ehsas er det ikkje definisjonsdebatten like avgjerande.

– Det er andre kampsakar som er meir avgjerande for meg, seier han.

Muslimske verdiar

– Å æra gud, dele med andre, vise omsorg, vera ærleg, høfleg og ordentleg, respektera ekteskapet og ha likeverd mellom kjønna, ramsar professor Thorbjørnsrud opp. Det er det ho meiner er muslimske veridar.

– Det er jo eigentlig det same eg ville sagt om kristne verdiar, skyt ho inn.

Mehsen meiner at dei såkalla kristne verdiane ikkje berre er for kristne.

– Dei fleste religionane er einige om kva som gjer ein til eit godt menneske. Å respektera kvarandre og fremme likeverd, solidaritet, tilgjeving og nestekjærleik; det er ganske universelt, seier ho.

I ei undersøking Framtida.no gjennomførte blant 400 tredjeklassingar på vidaregåande skular i Noreg, er det kring halvparten som seier seg heilt eller delvis einige i at norsk kultur og norske verdiar er trua, og at politikarane bør gjera meir for å sikra dei.

– Eg opplever ikkje at sentrale, norske verdiar er trua av islam. Det som truar er eit ytringsfridomsklimaet som er prega av mykje hat og hets. Diskusjoner og kritikk er jo ein del av demokratiet, men i nokon tilfeller går det over til rasisme. Det er akkurat som ein prøver å presse muslimar til ei samla, bestemt gruppe. Muslimar er ikkje ei homogen gruppe, seier professor Thorbjørnsrud.

FÅ OGSÅ MED DEG: – Det finst 5 millionar ulike måtar å vera norsk på