Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 09.09.2017 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For meg blir det eit prosjekt å kome inn i «vi-et». Når politikarar reproduserer det falske skiljet mellom folk ved å seie at nordmenn ser sånn og sånn ut, vil eg seie at nordmenn êt også halal, brukar religiøse hovudplagg og går i moskéen, seier Nora Mehsen. Ho er muslim og samfunnsdebattant.

I valkampen har politikarane ikkje sjeldan brukt omgrepet «kristne, norske verdiar», enten dei snakkar om brunost og vaflar eller menneskerettar, demokrati og likestilling. Men ved å definere dette som kristne verdiar blir dei som ikkje identifiserer seg som kristne ekskludert.

Linn Nikkerud

Linn Nikkerud Foto: Privat

Det har jusstudent og muslim Linn Nikkerud kjent på.

– Det gjekk ut over sjølvtilliten, fortel ho.

– Men det påverker meg ikkje så mykje no lenger. I staden har det gjort meg meir samfunnsengasjert, og eg ynskjer å ta opp kampen for andre som faller utanfor kategorien «norsk».

LES ALT OM STORTINGSVALET HER!

Mehsen og Nikkerud er nokon av dei som har bidratt til den komande antologien «Skal liksom liksom-passet ditt bety noe». Boka tar opp korleis det er å vekse opp som born av multikulturalismen med omgrepet «integrert» på ryggen. Grunnleggar av Studentaksjonen Pamir Ehsas har også bidratt.

– Det er problematisk å teikne opp eit bestemt bilete av kva det betyr å vera norsk. Det finst 5 millionar ulike måtar å vera norsk på, og ingen er meir rett enn andre, meiner Ehsas.

Oss vs. Dei

Mehsen og Nikkerud har ingenting å innvende mot at kristendom er eit tema i valkampen. Men retorikken er problematisk.

– Noreg har jo kristne tradisjoner, så det er naturleg å snakke om kristendom i valkampen. Men dei såkalla kristne verdiane er jo universelle, dei er ikkje berre kristne, meiner Nikkerud. Mehsen er einig.

–  Det blir problematisk når det går over til å bli framstilt som ein sivilisasjonskamp mellom oss og dei, dei kristne mot muslimane. Den store majoriteten av fredelege muslimar blir utdefinert frå eit felles «oss», seier Mehsen.

Ho synest at nokon politikarar bruker religion som eit instrument til å skape skilje mellom folk.

– Dei framstiller verdiane i dei ulike religionane som fundamentalt ulike, som om det er ein kamp mellom det gode og det vonde, seier Mehsen. Ho legg til at det gjeld politikarar frå fleire parti.

Forsking, ikkje synsing

Kven skal eigentlig bestemme kva det betyr å vera norsk? Ehsas meiner at forskinga må få meir plass i debatten.

– Det er betre at for eksempel ein sosiolog kan fortelle om den norske identiteten enn at dei ulike partia skal meine og bestemme kva det betyr å vera norsk, seier han.

Pamir Ehsas

Pamir Ehsas Foto: Johnny Vacar

Nikkerud meiner det er ho sjølv som bestemmer.

– Det er berre meg sjølv som definerer om eg er norsk nok eller ikkje, seier ho.

– Eg ber hovudplagg på eigne premiss

Framtida.no har gjennomført ei undersøking blant 400 tredjeklassingar på vidaregåande skular i Noreg. Der seier kring halvparten seg heilt eller delvis einige i at norsk kultur og norske verdiar er trua, og at politikarane bør gjera meir for å sikra dei.

I tillegg er 42 prosent av dei spurte for eit forbod mot religiøse plagg som dekkjer ansiktet.

Mehsen meiner at mange politikarar er altfor generaliserande når dei snakkar om hovudplagg.

– Dei meiner at det alltid er bore med tvang eller på grunn av undertrykking. Det er mykje undertrykking som skjer i religionens namn, men det er ikkje religion i seg sjølv som er problemet, seier Mehsen.

– Personleg er eg opptatt av å ta tilbake definisjonsmakten over hovudplagget og vise at ein kan vera sterk kvinne og muslim. Eg ber det på mine egne premiss – ingen skal få tvinge meg til å ta det korkje av eller på, legg ho til.