Framtida
Publisert
Oppdatert 27.10.2017 17:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjøp land – det blir ikkje laga lengre, spøkte Mark Twain. Det er eit ordtak som vil hjelpe deg i spelet Monopol, det bestseljande brettspelet som har lært generasjonar av born å kjøpe eigedom, fylle det med hotell og kreve skyhøg leige for det privilegiumet det er å lande der ved eit uhell.

Spelet vart laga av Elisabeth Magie, ei kvinne som sannsynlegvis ville ha send seg sjølv rett i fengsel om ho hadde levd vidare og sett kor stor påverknad dagens versjon av spelet hennar har fått. Kvifor? Fordi det oppfordrar spelarane til å glorifisere det motsette av verdiane ho ville fremje.

Magie var fødd i 1866, og var ein klar rebell mot normane og politikken som var vanleg i samfunnet ho vaks opp i. Ho gifta seg ikkje før langt opp i førtiåra, var uavhengig, stolt og laga til og med eit poeng ut av det med eit PR-stunt. Ho laga ein annonse i ei avis der ho tilbaud seg sjølv som ein «ung, kvinneleg amerikansk slave» som selde seg sjølv til den som baud høgast. Målet hennar var, som ho fortalde sjokkerte lesarar, å sette ljos på den underordna posisjonen til kvinner i samfunnet.

«Vi er ikkje maskiner», sa ho. «Jenter har hjernar, ønske, lyster, håp og ambisjonar.»

I tillegg til å konfrontere kjønnspolitikk laga Magie eit angrep på det kapitalistiske systemet, denne gongen gjennom eit brettspel. Inspirasjonen til dette fekk ho av ei bok far hennar, anti-monopolisten James Magie, hadde gjeve henne. I Progress and Poverty (1879) av Henry George hadde ho møtt idèen om at «alle menn har lik rett til å bruke alt land, og dette er like klart og tydeleg som at alle har lik rett til å puste luft – det er ein rett som er proklamert av det faktum at dei eksisterer.»

Medan han reiste ikring i USA i 1870-åra hadde George sett vedvarande naud rett ved sidan av veksande rikdom, og han meinte det var hovudsakleg skilnaden i eigarskap av eigedom som bandt desse to kreftene – fattigdom og framgang – saman. Så i staden for å følje Twain som tilrådde medborgarane sine å kjøpe eigedom, føreslo han at staten skulle skattleggje folk som åtte eigedom.

Kvifor? Fordi så mykje av det som gjev eigedomen verdi ikkje kjem av kva som blir bygd på jordstykket men frå gåvene naturen gjev, slikt som vatn eller minerala ein finn under jorda, eller frå det samfunnet har laga ikring han, som vegar, jarnbane, ein økonomi som verkar godt, eit trygt nabolag, gode skular og sjukehus. Han meinte vidare at skatteinntektene burde bli investert for å hjelpe alle.

Spelarane skulle erfare praktisk korleis systemet med at folk tok seg til rette med eigarskap av land fungerte

For å overtyde folk om kor rett George hadde, laga Magie spelet ho kalla Huseigarspelet, som ho fekk patent på i 1904. Brettet hadde ein sirkel (som var svært nytt på denne tida i spel) full av eigedomar og landemerke som folk kunne kjøpe. Det som verkeleg var nyskapande med spelet var likevel dei to svært ulike regelsetta ho laga for å spele spelet.

Når ein brukte «Velstand»-reglane fekk alle spelarane noko kvar gong ein spelar fekk fatt i ein ny eigedom (skattleggjing av eigedomen gjekk attende til alle, slik som George hadde tilrådd), og spelet vart vunne (av alle spelarane) straks spelaren som hadde starta med minst pengar hadde dobla desse.

Med «Monopol»-reglane var det temmeleg annleis, der fekk spelarane meir pengar di meir eigedom dei åtte, ettersom alle som tilfeldigvis landa på eigedomen deira måtte betale leige – og den som klara å gjere resten av spelarane konkurs vann spelet (høyrest det kjend ut, kan hende?).

Årsaka til at det var to regelsett var at spelarane skulle erfare praktisk korleis systemet med at folk tok seg til rette med eigarskap av land fungerte, med dei vanlege konsekvensane det hadde, og difor skjøne korleis ulike måtar å handtere  eigarskap kan føre til drastisk ulike sosiale resultat.

Charlie Durrow, mannen som dei fleste trur har skapt Monopol. Foto: Wikipedia.

– Det kunne like godt ha vore kalla «Livsspelet», sidan det inneheld alle elementa av suksess og svik i den ekte verda, og målet er det same som menneskerasen generelt sett ser ut til å ha, oppsamling av verdiar for seg sjølv, hevda Magie.

Spelet vart svært populært blant venstreorienterte intellektuelle, særleg på universitet som Wharton, Harvard og Columbia, og òg i mange kvekarsamfunn. Nokre av desse kvekarane endra reglane noko og laga eit nytt brett med gatenamn frå Atlantic City. Ein av desse var ein arbeidsledig mann med namnet Charles Darrow, som seinare selde ein slik versjon av spelet til spelselskapet Parker Brothers som sitt eige.

Straks den rette skaparen av spelet vart oppdaga kjøpte Parker Brothers patentet frå Magie, men relanserte spelet som Monopol (Monopoly), og berre eitt regelsett var med i spelet: det som glorifiserar den eine som sigrar over alle dei andre.

Dei brukte òg kun namnet til Darrow i marknadsføringa si, og hevda at han hadde drøymd opp spelet i 1930-åra og seld det til Parker Brothers for så å ha vorte millionær. Det var ei «filler til rikdom»-historie som ironisk nok eksemplifiserte dei underliggande verdiane i Monopol: Prøv å bli rik og knus motstandarane dine om du vil lukkast til sist.

Så neste gong nokon inviterer deg til å spele Monopol kan du prøve dette: Legg Sjansekort og Prøv Lykken-kort ut som vanleg, men lag ein tredje haug med kort for å illustrere Eigedomsskatt, som alle eigarane av eigedom må betale kvar gong dei krev leige av ein annan spelar. Kor høg skal skatten vere? Korleis skal inntektene delast ut? Spørsmål som dette vil sannsynlegvis føre til krass diskusjon ikring bordet – men så var det nett dette Magie alltid håpå på frå byrjinga.

LES OGSÅ: No kan du finne ekte pengar i Monopol-boksen

 

Kate Roworth er forskar ved Oxford University og forfattar av Doughnut Economics: Seven Ways to Think Like a 21st-Century Economist (2017)

Teksten er henta frå Aeon.com og er publisert med CC BY-ND 4.0-lisens. Omsett til nynorsk av Arnt Olav Foseide.
Aeon counter – do not remove

Fakta

Kate Roworth is a senior visiting research associate at Oxford University’s Environmental Change Institute and a senior associate at the Cambridge Institute for Sustainability Leadership.  Ho er forfattar av Doughnut Economics: Seven Ways to Think Like a 21st-Century Economist (2017). Ho bur i Oxford.