No kan du finna ekte pengar i Monopol-boksen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir vekk 180.000

Hasbro, den franske produsenten bak fleire spelsuksessar skal feira jubileet til ein av sine største suksessar, Monopol. Spelet fyller 80 år, og det skal feirast med gåvepakkar til heldige kundar.

– Me ville gjera noko unikt, sa Florence Gaillard, marknadsføringssjef i Hasbro.

– Då me spurde dei franske kundane, sa dei at dei ville finna ekte pengar i Monopol-boksane, legg han til,ifølgje The Guardian.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Gullbilleten
Hasbro gjorde som dei franske kundane ville, og har fylt 80 Monopol-boksar i Frankrike med ekte pengar. Dei aller fleste av desse inneheld mindre summar, frå 150 euro – men ein boks inneheld sjølve gullbilleten. Der er alle setlane erstatta med ekte pengar, totalt 20.580 euro – eller nærare 180.000 norske kroner.

Operasjonen med å bytta ut leikesetlane med ekte pengar vart gjort i skjul – og på ein ordentleg måte. Dei henta til og med inn ein ordentleg namsmann for å telja pengane og kontrollera at alt vart gjort rett.

– Då dei spurde meg, vart eg like ivrig som eit barn igjen, sa namsmannen Patrice Wimmer, som visstnok elskar spelet.

LES OGSÅ: Tillèt berre ein homofil på laget

Slik finn du boksen
Boksane blir lagt ut for sal i Frankrike, og det er ikkje meld at nokon har funne gullboksen så langt.

For dei som vil prøva seg i jakta, har Hasbro avslørt ein måte å skilja ut gullboksen frå dei vanlege. Den har nemleg blitt noko tjukkare enn ein vanleg monopol-boks.

LES OGSÅ: Zombiespel i klasserommet